Torget (Odda)

Der Torget og kaien i Odda er i dag, var det opprinneleg fjøra og båtstøer. Den kjende fotografen Knud Knudsen leika nok her som barn i 1830-åra. Bestefar hans var «Kremar-Knut», og faren var også kremar i Kremargarden nokre år.

Den gamle kaien er bygd opp av norsk gråstein, men torget har fått dekke og møblar av kinesisk stein.
Foto: Harald Hognerud (2004)

Seglar du innover Hardangerfjorden og går i land kaien eller Torget i Odda, har du kome til den innste botnen i Hardangerfjorden. Torget har i periodar vore sentrum i Odda, men dette har endra seg i takt med at institusjonar for kommunikasjon og handel har blitt flytta.

Torget 2 mot Eitrheimsvegen er det eldste bygget som står i dag. Frå 1850-åra og fram til 1910 sto det ei toetasjes bu her. Den hadde gavl mot sjøen og var korn- og saltlager for handelsmannen i Kremargarden.

Kommunikasjonssenter

Men den nye tida og industribyen sørga for nye hus og funksjonar. Odda Handelsforening bygde (truleg) her, men huset har sidan romma postkontor (frå 1917 til 1960-talet), blomebutikk, platebutikk, klesbutikk mm før det blei kommunalt Tenestetorg og turistinformasjon. Oppe i etasjane var det husvære.

Torget 4 mot sjøsida var tidlegare HSD (Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap) sin hovudbase i Indre Hardanger. Både rutebåtar og busstrafikk hadde knutepunkt her, så her var eit yrande liv. Få hadde privatbil og alle hadde eit ærend på posten.

Bygget mot sjøen var først i ein etasje, men blei bygd på til to etter som aktiviteten auka. Det spesielle halvrunde kioskbygget som bind husa saman hadde billettluker. HSD sin logo trona lenge på murfasaden mellom bygningane.

Etter at HSD flytta til nytt bygg og godsterminal ved kyrkja i 1972 og all offentleg trafikk forsvann frå området, var det ei tid ungdomsklubb og "rockeverkstad" i bygget og området endra karakter.

Spesialområde vern

Dei karakteristiske bygga Torget 2 - 4, har ei mangslungen historie og er ein viktig del av Oddas ansikt og identitet. I 1990-1991 blei dei sett i stand etter ein lengre forfallsperiode. Sentrumsbygg frå før 1920 er omfatta av eksteriørvern for å ta vare på særpreget frå den tidlegare strandstaden og den unge industristaden.

Kommunestyret sikra kommunal eigarskap gjennom Odda havnevesen. Torget 4 rommar eit servicesenter for båtfolk til gjestehavna. Odda Industristadmuseum (seinare NVIM) var nokre år i 2. etasje i Torget 2-4 tidleg på 1990-talet.

Byfornying og kontakt med fjorden

I 2002-2003 starta Odda kommune eit byfornyingsprogram der Torget og strandpromenaden er første steg. Målet er betre kontakt mot fjorden og aktivitet og trivsel i sentrum. Området er skjerma frå bilane som meir dominerte før og arkitekt Kjetil Kiran har planlagt byrommet og drikkefontena med den vesle vassrenna ned til fjorden.


Koordinater: 60.0694769° N 6.5449549° Ø