Kremargarden (Odda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Forretningsbygget Kremargarden i Odda er eit godt døme på 1960-tallsarkitektur av Sekse & Mannsåker. Det er bygd då Odda var i ei sterk oppgangstid.

Eit godt døme på arkitektur frå 1960-talet, men med seinare mindre fasadeendringar.
Foto: Harald Hognerud

Bygget er teikna av Odda-arkitektane Sekse & Mannsåker og bygd i 1962. Stilen er modernistisk. Bruken av synlege betongsøyler og platekledde veggfelt er svært typisk for slike bygg frå perioden.

Odda får eigne arkitektar

Sekse & Mannsåker var det første arkitektfirmaet som etablerte seg fast i Odda, og Sigurd Sekse og Knut Mannsåker kom til å setja sitt tydelege preg på Odda og distriktet gjennom ein god førtiårsperiode. Dei har teikna mange skular og andre offentlege bygg, mellom anna heradshuset i Eidfjord. Den private og offentlege bustadbygginga var også sterk utover frå 1960-talet, så distriktet hadde stort behov for eigne arkitektar.

Forretningsbygg og losjelokale

Sigvald Johannessen sette opp dette bygget som fekk namnet «Kremargarden» og adresse Eitrheimsvegen 10. Johannessen leigde ut til mange ulike leigetakarar. Her var både kolonialbutikk (Espeland), konfeksjonsbutikk (From) og møbelsalg (Odda Møbelsalg&Co) i starten. Tannteknikkar, tannlege, legekontor og ulike andre firma har halde til opover i etasjane. Haugesunds Avis hadde distriktskontor i 3. etasje i ei årrekke, så her hadde journalistane «Jangen» og Melkeraaen overblikk og nærkontakt med folkelivet, torget og hamna i Odda.

I øvste etasje heldt Odd Fellow-losjen til før dei kjøpte eige bygg nær Vasstunsbrua.

Gjensidigebygget

Hardanger Gjensidige Branntrygdelag kjøpte bygget og eigde ein lang periode. Selskapet ekspanderte i distriktet og hadde etter kvart kontor i det meste av andre etasje frå tidleg på 1990-talet. Fasaden i butikklokala i 2. etasje hadde opprinneleg vindauger frå golv til tak, men no kom dei mørke felta og solskjerma vindaugene som virkar meir dominerande på fasaden. I 2008 avvikla Gjensidige avdelinga i Odda. Bygget selde dei litt tidlegare til nye eigarar.