Tuftevegen 4 (Bykle)
Tuftevegen 4 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart bygd av Enes Orman frå Bosnia i 1995.
- Enes Orman, f 1953
Tuftevegen 4 | |
---|---|
Utskilt: | 1995 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 649 |
Type: | Bustadseigedom |
- g m Minada, f 1953. Born:
- Kerim, f 1978
- Hussein, f 1982
Familien Orman flutte hit i 1995, etter tidlegare å ha budd nokre år i Haukeli. Enes arbeidde som kokk ved Hovden Fjellstoge i åra 1995-2000. I det sistnemnde året flutte han og familien til Asker.
Huset vart mellombils overteke av Kay Jeiskelid, som sidan selde til den nåverande eigaren.
- Tom Viktor Olsen, f 1960
Han driv drosjeforretning i Birkenes, og har så langt (januar 2005) ikkje flutt hit.
Tuftevegen 4 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Kolmila 10 • Neste bolk: Tuftevegen 6 |