Umesamisk

Umesamisk er eit samisk språk som tradisjonelt blir snakka av umesamane. I Noreg har det blitt snakka umesamisk kring Rana og Hemnes kommunar, og i Sverige er umesamisk det tradisjonelle språket blant skogssamane frå sørlige Arjeplog og det meste av Arvidsjaur og Malå kommunar såvel som i Lycksele lappmark sør- og vestover til Umeälven. I eldre tider ser det ut til å ha blitt snakka umesamisk i Åsele lappmark òg — heilt mot grensa mot Jämtland. Språklig sett danar umesamisk ein overgang mellom pitesamisk og sørsamisk. Oftast blir umesamisk rekna til sørsamisk i vidaste forstand, men språket har òg mykje til felles med pitesamisk. Det gamle samiske standardskriftspråket frå 1700-talet og tidlig 1800-tal har i hovudsak utgangspunkt i umesamisk. Det umesamiske språket er kritisk truga i dag, men det blir arbeidd aktivt med revitalisering frå barnehagenivå og oppover. Den moderne umesamiske rettskrivinga vart godkjent av Sametinget i Sverige den 26. februar 2014 og vart med det godkjent som skriftspråk.

Salmebok på det gamle samiske standardspråket som hovudsaklig er basert på umesamisk.
Foto: Olve Utne

Geografisk utbreiing

Den sørlige halvdelen av Arjeplogs kommun og heile Arvidsjaurs og Malå kommunar blir rekna til det umesamiske området. Utbreiinga har gått lengre mot sør tidligare, inkludert til Lycksele og Vilhelmina. Vest for Kjølen er språket utdøydd i dag, men tidligare høyrde området frå Rana (sør for Krokstranda og Dunderlandsdalen) og Rødøy sørover til Hemnes og Korgen i Hemnes kommune til det umesamiske språkområdet.

Umesamisk og nabospråka

Ume- og pitesamisk

Umesamisk og pitesamisk er dei einaste samiske språka som har både stadieveksling og utbreidd omlyd. Når det gjeld stadievekslinga, så kan pitesamisk ha stadieveksling etter både korte og lange vokalar, medan umesamisk generelt berre har stadieveksling etter lang vokal eller diftong. Omlyden står derimot sterkare i umesamisk, som har gjennomført omlyd på liknande vis som i sørsamisk, medan pitesamiske dialektar har mindre grad av omlyd i nordlige dialektar enn i sentrale og sørlige dialektar.

Ume- og sørsamisk

Umesamisk har til felles med sørsamisk eit meir konservativt endingssystem enn det som er vanligare i nordligare dialektar av vestsamiske språk. Kasus- og personendinga -m er såleis bevart som -m i sørlig sørsamisk og som -b i nordlig sørsamisk og det meste av umesamisk; i nordlig umesamisk og i pitesamisk (og lulesamisk) er -m oftast svekka vidare til -v, og i nordsamisk er konsonanten borte. Genitivsendinga -n er bevart i både sør- og umesamisk, men er i all hovudsak borte i pitesamisk. Inessiv-endinga -sne er bevart i både sør- og umesamisk, medan vår tids pitesamisk har svekking til -n.

Skriftspråk

 
Umesamisk i moderne rettskriving på eit infoskilt ved inngangen til Lappstaden i Arvidsjaur.

Den umesamiske rettskrivinga som er mest i bruk i dag vart utvikla av Henrik Barruk på grunnlag av dei lulesamiske rettskrivingsprinsippa, med unntak av at dei trykklette -ie og -uo-endingane blir skrivne som diftongar. Denne rettskrivinga har lenge vore uoffisiell, men onsdag den 26. februar 2014 vedtok Sametingets språknämnd i Sverige at dei hermed «uppfattar att den umesamiska ortografin härmed är godkänd».[1] Saka vil bli lagt fram for Samisk parlamentarisk råd snarast mulig.

Sjå òg

Fotnotar

  1. Melding frå Josefina Lundgren Skerk på veggen til Vi som vill bevara umesamiskan på Facebook
    Kejonen, Olle; Eira, Karen: «Sametinget godkänner umesamiskan» på Ođđasat.se, publ. 26.02.2014.

Lenkjer