Utsikten (Fedje gnr 172 bnr 145)

Utsikten er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Utsikten
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 145
Adresse: Sildevågen 44

1. Inge Waage f. 1949 (gnr 172 bnr 113-la), sjåfør, sjømann, snikkar, g.1.g. 1975 m. Tove Eli Hellesøy f. 1955 Øygarden. Skøyte 1978 på tomt frådelt gnr 172 bnr 9 same året. Huset vart bygd i 1979. Ekteskapet oppløyst 1987, Tove og dei to borna flytta til Hellesøy i Øygarden. Tove tok seinare slektsnamnet Birtilid, sjå Stormark gnr 172 bnr 20-4.

Born: a. Iris Theresa Waage f. 1976, bustad Moldøyna (gnr 170 bnr 3-25) og sidan Husøyna (gnr 168 bnr 336-4). b. Morgan Kristen Birtilid Waage f. 1981, sjå Stormark gnr 172 bnr 20-3 og gnr 172 bnr 166-3.

Inge Waage g.2.g. 1987 m. Gry Kristin Seljestad f. 1962 Odda, kokk. Huset vart renovert i 2021.

Born: c. Randi Kristin Seljestad Waage f. 1985, tannlegeassistent (Grys dotter med tidl. samb. Dennis William Lamson f. 1944 Cleveland, Ohio, USA d. 1999, bustad Albuquerque i New Mexico). Randi samb. 2010 m. Torgeir Lyssand Moberg f. 1984 Os, anleggsgartnar, bustad Odda. d. Arne Harald Seljestad Waage f. 1990, sjå Vågane gnr 172 bnr 247.

Far til Inge, Harald Waage, fekk skøyte her i 1990. Inge fekk skøyte igjen i 2006.


Fedje komm.svg Utsikten (Fedje gnr 172 bnr 145) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Reset (Fedje gnr 172 bnr 142) • Neste bolk: Bakken (Fedje gnr 172 bnr 157)