Vidnappsvegen 45 (Fedje gnr 169 bnr 119)

Vidnappsvegen 45 er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Vidnappsvegen 45
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 119
Adresse: Vidnappsvegen 45

1. Anne Stormark f. 1963 (gnr 172 bnr 141-la), heimehjelp, g.m. Kurt Rongevær f. 1958 Askøy (sjå Stormark gnr 172 bnr 20-4aa), kokk, fiskar. Skøyte 1985 på tomt med hus frådelt Hesteneset gnr 169 bnr 4 same året. Huset er ei tyskarbrakke som er påbygd. Skøyte 1993 på tilleggsareal bnr 127 frådelt gnr 169 bnr 4 i 1991, og 1997 på bnr 140 frådelt gnr 169 bnr 4 i 1994. Her vart garasjen bygd i 2000.

Born: a. Line Rongevær f. 1985, bustad Bergen. b. Magne Rongevær f. 1988, maskinist, bustad Solend på Radøy, Alver kommune. c. Endre Rongevær f. 1996, maskinoffiser, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Vidnappsvegen 45 (Fedje gnr 169 bnr 119) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Vestheim (Fedje gnr 169 bnr 102) • Neste bolk: Hesthaugen (Fedje gnr 169 bnr 229)