Hesteneset (Fedje gnr 169 bnr 4)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hesteneset
S364.169.4.Hesteneset.jpg
Hesteneset (bnr 4) i 2021.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 4
Adresse: Mulevegen 134

Hesteneset er eit bruk, no fritidseigedom, i Fedje kommune.

1. Ragnhild Larsd f. 1833 Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-16g) d. 1914 g. 1858 m. Andreas Eriksen f. 1836 Børilden, Austrheim d. 1896 (jf Austrheimb. III s 529, son av Erik Mikkelsen f. 1802 d. 1849 og Kari Ditlevsd f. 1798 d. 1840). Andreas var halvbror til Kristiana Eriksd Kopper (gnr 168 bnr 1-22), sjå der. Festesetel frå Elling Andreas Eriksen, Kremmarholmen i 1862 på «et udyrket markstykke» Hesteneset. Eigaren sette som krav at Andreas skulle dyrka det vel. Han kunne ta torv til brensle i nordre Sulo, og ha ei ku i Sulo dersom han innan to år sette opp gjerde. Dei husa som han hadde oppført, var hans eigedom. Den årlege avgifta var på 2 spd. Ragnhild og Andreas busette seg her same året, og var dei første som budde her. Tidlegare var dei innerstar på Kopper og Eide. Andreas var fiskar. Dei hadde litt jord, slik at dei i 1865 kunne setja 2 tn potet, og fø 2 storfe og 1 sau. Mor til Ragnhild, Kari Olsd, budde her då. I 1875 hadde dei 1 ku og 9 sauer, og sette 1 tn potet.

Born: a. Kari Andreasd f. 1858 d. 1873, vart oppfostra hjå slektningen Thomas Kopper (gnr 168 bnr 3-4). b. Magdeli Andreasd f. 1860 d. 1930 g.l.g. 1894 m. Tor Larsen f. 1852 Fivelsdal d. 1899 (sjå Gulenb. II s 519), g.2.g. 1904 m. em. Ola Magnesen f. 1842 Nordland (sjå Masfjordb. I s 507) d. 1919, budde i begge es. på Ytre Haugsdalen, jf Masfjordb. I s 27. c. Erik Andreassen f. 1862 d. 1944 g. 1890 m. enkja Marie Larsd f. 1861 Langedalen (gnr 169 bnr 5-6a) d. 1934, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 9-10). d. Thomas Andreassen f. 1865 d. 1 md gl. e. Thomas Andreassen f. 1866 d. 1936, neste brukar (2). f. Karl Martinus Andreassen f. 1868 d. 1954 g. 1898 m. Andrea Karlsd f. 1876 Berge (gnr 168 bnr 21-10b) d. 1956, budde på Husa (gnr 168 bnr 104-1). g. Mikal Andreassen f. 1871 d. 1959 g.l.g. 1891 m. Berntina Berntsd Berle f. 1859 Kopper (gnr 168 bnr 2-12aa) d. 1897, sjå Opphaugen (husmenn 1). h. Kari Andrea Andreasd f. 1874 d. 1879 (skarlagensfeber). i. Marta Sofia Andreasd Hestenes f. 1876 d. 1944, ugift, budde her.

2. Thomas Andreassen Hestenes f. 1866 på dette bruket (1e) d. 1936 g. 1891 m. Randine Martinusd f. 1860 Eide (gnr 168 bnr 15-17c) d. 1946. Dei var søskenborn med felles besteforeldre Kari Olsd og Lars Olsen Nord-Tangen. Hesteneset vart utskilt frå Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 i 1894, skøyte same året til Thomas for 750 kr og kår til foreldra frå Jørgen Langeland. Dei dreiv med fiske og jordbruk.

Born: a. Anna Marie Thomasd f. 1893 d. 1957, neste brukar (3). b. Karl Bertin Thomassen Hestenes f. 1894 d. 1937, sjå frådelt tomt (gnr 169 bnr 30-1). c. Karolina Thomasd f. 1896 d. 3 md gl. d. Ragnvald Mikai Thomassen f. 1898 d. 14 dg gl. e. Ragna Mathilde Thomasd f. 1900 d. 1910. f. Thomas Kristoffer Thomassen Hestenes f. 1902 d. 1969, sjømann, arb. notfabrikk, g. 1937 m. Ingrid Olsd Husa f. 1910 (gnr 168 bnr 11-8f) d. 1982, bustad Laksevåg, Bergen.

Hesteneset, bildet er teke frå radartårnet i Hesthaugen i 1946. Bnr 4 og bnr 26 (bakom) til høgre. Til venstre Hesthaugen bnr 18 og framme bnr 75.

3. Anna Marie Thomasd Hestenes f. 1893 på dette bruket (2a) d. 1957 g. 1916 m. Andreas Berntsen f. 1893 Sulo (gnr 169 bnr 57-2e) d. 1981. Skøyte 1938 frå Randine (2) for 250 kr og kår. Næringa var fiske og jordbruk. Nytt hus vart bygd i 1918. Det gamle vart ombygd til løe.

Born: a. Ragna Hermina Hestenes f. 1917 d. 1976 g. 1947 m. Rasmus Drivenes f. 1920 Austevoll d. 2000, bygde i Hesthaugen (gnr 169 bnr 59). b. Thorvald Berner Hestenes f. 1918 d. 2002, neste eigar (4). c. Alf Martin Hestenes f. 1922 d. 1963, bygde i Hesthaugen (gnr 169 bnr 71-1). d. Richard Konrad Hestenes f. 1924 d. 1987, neste eigar (4). e. Bernt Anfinn Hestenes f. 1924 d. 2008 (tvilling med d.), neste eigar (4). f. Gunda Marit Hestenes f. 1927 d. 1996 g. 1967 m. Olaf Bårdsen f. 1924 Sulo (gnr 169 bnr 45-1b) d. 1980, budde i Hesthaugen (gnr 169 bnr 71-2). g. Kåre Leif Hestenes f. 1932 d. 2017 g. 1955 m. Marta Nordtveit f. 1934 Fusa, busette der. Sjå òg gnr 169 bnr 30-2. h. Astrid Helga Hestenes f. 1935 g. 1958 m. Mikal Husa f. 1929 (gnr 168 bnr 5-17a) d. 2020, busette der (gnr 168 bnr 183).

4. Skøyte 1964 til brørne Thorvald f. 1918 (3b) d. 2002, Richard f. 1924 (3d) d. 1987 og Bernt Hestenes f. 1924 (3e) d. 2008 frå faren i 1964, alle ugifte og fiskarar. Heimelsoverdraging 1992 på Richard sin part til Thorvald og Bernt, slik at dei eigde halvdelen kvar.

5. Steine Invest AS ved Ole Gams Steine f. 1947 g. 1973 m. Janicke Mortmannsgård f. 1951 d. 2014, bustad Paradis i Bergen, fekk skøyte i 2009. Det er ein fritidseigedom. Sjå òg Hesthaugen gnr 169 bnr 24.

Born: a. Cathrine Supriya Gams Steine f. 1983 g. 2011 m. Jan Fredrik Monsen f. 1978 Bergen, bustad Paradis. b. Caroline Mortmannsgård Gams Steine f. 1987, bustad Paradis.


Fedje komm.svg Hesteneset (Fedje gnr 169 bnr 4) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Mulevegen 148 (Fedje gnr 169 bnr 221) • Neste bolk: Sjøtun (Fedje gnr 169 bnr 26)