Viktun (Fedje gnr 168 bnr 95)
Viktun er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.
| Viktun | |
|---|---|
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 168 |
| Bnr: | 95 |
| Adresse: | Mulevegen 69 |
1. Agnes Olsen f. 1920 Husa (gnr 168 bnr 63-2a) d. 1999 g. 1943 m. Alfred Emil Selvik f. 1916 Bru, Flora i Sunnfjord d. 2001, bygningsmann. Skøyte 1947 på tomt frådelt gnr 168 bnr 10 i 1946. Dei sette opp huset i 1953, tidlegare budde dei hjå Agnes sine foreldre. Familien flytta til Bergen i 1967, og bruker huset som feriebustad. Dei to borna fekk skøyte i 1997. Huset vart renovert i 2005.
Born: a. Rolf Selvik f. 1946, sjå nedanfor (2). b. Margareth Selvik f. 1950, servitør, bustad Bergen. Ho eig ½.
2. Rolf Selvik f. 1946 på dette bruket (1a), elektrikar, g. 1973 m. Oddny Gerd Herstad f. 1948 Dale i Fjaler, Sunnfjord (jf Fjalerb. II s 470), syerske/reinhaldar, bustad Bergen. Han eig ½.
Born: a. Tove Merete Selvik f. 1975 d. 2011, pedagogisk leiar, samb. 1996 m. Ole Ronny Vestheim f. 1971 Bergen, driftsingeniør, busette der. b. Robert Selvik f. 1978, hamneinspektør, bustad Bergen.
| Viktun (Fedje gnr 168 bnr 95) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Sjøberg (Fedje gnr 168 bnr 90) • Neste bolk: Bakketun (Fedje gnr 168 bnr 104) |