Ålesund: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 25: Linje 25:
[[Kategori:Ålesund kommune]]
[[Kategori:Ålesund kommune]]
[[Kategori:Byer]]
[[Kategori:Byer]]
[[Kategori:Hurtigrutens anløpssteder]]

Sideversjonen fra 25. aug. 2015 kl. 09:28

Koordinater: 62°28′16″ N 006°09′18″ Ø


Ålesund er prega av bygningar i jugendstil, frå attreisinga etter bybrannen i 1904.
Foto: Joachim Müllerchen (2005)
Ålesund rett etter bybrannen i 1904.
Foto: Kirkhorn, Molde (1904)

Ålesund er ein by i Møre og Romsdal, som er regionsenter for området og administrasjonssenter for Ålesund kommune. Som handelsstad er Ålesund først nemnd i kjelder frå 1500-talet. Den gong busette handelsmenn frå Bergen seg ved sundet mellom Aspøya og Nørvøya. I 1824 vart Ålesund eksportsenter for klippfisk til Spania, og dette førte med seg stor vekst. I 1848 fekk Ålesund status som kjøpstad.

Bybrannen i 1904 la stor deler av byen i ruinar. Brannen starta i fabrikken til Aalesund Preserving Co. på Aspøya, og tok slutt like vestafor Brusdalshagen. Om lag 850 hus gikk med i brannen, og berre om lag 230 hus stod att. Berre ein person omkom under katastrofen. Attoppbyggjinga starta allereie i 1904, og var meir eller mindre ferdig i 1907. På den tida var jugendstilen populær, og Ålesund er derfor kjent som jugendstilbyen. Fleire kjente arkitekter tok del i arbeidet, mange av dei glade for oppgåvene etter at markedet i Oslo hadde kollapsa i Kristianiakrakket i 1899. Som følgje av brannen vart det murtvang i bykjerna.

I 1950- og 1960-åra vart Ålesund ei av verdas viktigaste sildehamner. Verftsindustri og trikotasje har óg vore viktige næringsveger i byen.

Ålesund kommune var opphavelig begrensa til byen, men i 1968 vart Borgund kommune innlemma. Sula kommune vart utskilt i 1977.

Ålesunds museum, som no er ein del av Sunnmøre museum, har både by- og fiskermuseum.

Galleri