Ålesund: Forskjell mellom sideversjoner
Linje 30: | Linje 30: | ||
Fil:Byparken Ålesund september 2017.JPG|Motiv frå byparken i Ålesund.{{byline|Elin Olsen}} | Fil:Byparken Ålesund september 2017.JPG|Motiv frå byparken i Ålesund.{{byline|Elin Olsen}} | ||
Fil:Byparken Ålesund Wilhelm statue 2017.jpg|Minnesmerke over keisar [[Vilhelm II av Tyskland|Wilhelm II]] i byparken i Ålesund.{{byline|Elin Olsen}} | Fil:Byparken Ålesund Wilhelm statue 2017.jpg|Minnesmerke over keisar [[Vilhelm II av Tyskland|Wilhelm II]] i byparken i Ålesund.{{byline|Elin Olsen}} | ||
Fil:Ålesund trapp Aksla 2017.JPG|Motiv frå trappa med 418 trinn opp | Fil:Ålesund trapp Aksla 2017.JPG|Motiv frå trappa med 418 trinn opp frå byparken til Fjellstua på Aksla.{{byline|Elin Olsen}} | ||
Fil:Kumlokk Ålesund 2017.JPG|Kumlokk, Ålesund.{{byline|Elin Olsen}} | Fil:Kumlokk Ålesund 2017.JPG|Kumlokk, Ålesund.{{byline|Elin Olsen}} | ||
Fil:Løvenvoldgata Ålesund 2017.jpg|Motiv frå [[Løvenvoldgata]] i Ålesund.{{byline|Elin Olsen}} | Fil:Løvenvoldgata Ålesund 2017.jpg|Motiv frå [[Løvenvoldgata]] i Ålesund.{{byline|Elin Olsen}} |
Sideversjonen fra 10. jan. 2019 kl. 12:24
Koordinater: 62°28′16″ N 006°09′18″ Ø
Ålesund er ein by i Møre og Romsdal, som er regionsenter for området og administrasjonssenter for Ålesund kommune. Som handelsstad er Ålesund først nemnd i kjelder frå 1500-talet. Den gong busette handelsmenn frå Bergen seg ved sundet mellom Aspøya og Nørvøya. I 1824 vart Ålesund eksportsenter for klippfisk til Spania, og dette førte med seg stor vekst. I 1848 fekk Ålesund status som kjøpstad.
Bybrannen i 1904 la stor deler av byen i ruinar. Brannen starta i fabrikken til Aalesund Preserving Co. på Aspøya, og tok slutt like vestafor Brusdalshagen. Om lag 850 hus gikk med i brannen, og berre om lag 230 hus stod att. Berre ein person omkom under katastrofen. Attoppbyggjinga starta allereie i 1904, og var meir eller mindre ferdig i 1907. På den tida var jugendstilen populær, og Ålesund er derfor kjent som jugendstilbyen. Fleire kjente arkitekter tok del i arbeidet, mange av dei glade for oppgåvene etter at markedet i Oslo hadde kollapsa i Kristianiakrakket i 1899. Som følgje av brannen vart det murtvang i bykjerna.
Andre verdskrigen
Under felttoget i Norge i 1940 vart byen bomba fleire dagar på rad. Bombinga starta 23. april og slutta først 27. april.
Etter krigen
I 1950- og 1960-åra vart Ålesund ei av verdas viktigaste sildehamner. Verftsindustri og trikotasje har óg vore viktige næringsveger i byen.
Ålesund kommune var opphavelig begrensa til byen, men i 1968 vart Borgund kommune innlemma. Sula kommune vart utskilt i 1977.
Ålesunds museum, som no er ein del av Sunnmøre museum, har både by- og fiskermuseum.
Galleri
- Minnesmerke over keisar Wilhelm II i byparken i Ålesund.Foto: Elin Olsen
- Motiv frå Løvenvoldgata i Ålesund.Foto: Elin Olsen