Ålesund

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. okt. 2013 kl. 11:46 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Aalesund P9250460.JPG|Ålesund er prega av bygningar i jugendstil, frå attreisinga etter bybrannen i 1904.|Joachim Müllerchen (2005)}} {{thumb|Byvaapen 1929 - Aalesund.jpg|Åle...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ålesund er prega av bygningar i jugendstil, frå attreisinga etter bybrannen i 1904.
Foto: Joachim Müllerchen (2005)
Ålesunds byvåpen som det såg ut i 1929.

Ålesund er ein by i Møre og Romsdal, som er regionsenter for området og administrasjonssenter for Ålesund kommune. Som handelsstad er Ålesund først nemnd i kjelder frå 1500-talet. Den gong busette handelsmenn frå Bergen seg ved sundet mellom Aspøya og Nørvøya. I 1824 vart Ålesund eksportsenter for klippfisk til Spania, og dette førte med seg stor vekst. I 1848 fekk Ålesund status som kjøpstad.

Bybrannen i 1904 la stor deler av byen i ruinar. Brannen starta i fabrikken til Aalesund Preserving Co. på Aspøya, og tok slutt like vestafor Brusdalshagen. Om lag 850 hus gikk med i brannen, og berre om lag 230 hus stod att. Berre ein person omkom under katastrofen. Attoppbyggjinga starta allereie i 1904, og var meir eller mindre ferdig i 1907. På den tida var jugendstilen populær, og Ålesund er derfor kjent som jugendstilbyen. Fleire kjente arkitekter tok del i arbeidet, mange av dei glade for oppgåvene etter at markedet i Oslo hadde kollapsa i Kristianiakrakket i 1899. Som følgje av brannen vart det Leksikon:murtvang i bykjerna.

I 1950- og 1960-åra vart Ålesund ei av verdas viktigaste sildehamner. Verftsindustri og trikotasje har óg vore viktige næringsveger i byen.

Ålesund kommune var opphavelig begrensa til byen, men i 1968 vart Borgund kommune innlemma. Sula kommune vart utskilt i 1977.

Ålesunds museum, som no er ein del av Sunnmøre museum, har både by- og fiskermuseum.