Århus (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Århus (Fyresdal gnr. 37/1) er eit gardsbruk i Fyresdal kommune.

Garden er fyrste gong nemnd som sjølvstendig bruk i 1838, før det var Århus ein del av matrikkelgarden Nesland (Fyresdal gnr. 32). Fyrste eigar var Aslak Knutson Århus (1764-1847) med sonen Tore Aslakson Århus (1790-1846) som brukar. Eigar av jorda seinare var Aslak Toreson Århus (1828-).

I 1883 kjøpte Gunleik Sigurdson N. Lofthus (1816-1899) garden for 9600 kroner. Med dette skyt det fart i utleiga av tomter frå Århus. Den fyrste leigekontrakten frå 1874 til Moland Forbruksforening var det Aslak Toreson som stod for, men seinare kontraktar er underskrivne av Gunleik Sigurdson. Bustadområdet vart i 1891 matrikulert frå Århus som bnr. 5 Folkestad. Namnet Folkestadbyen var då ein realitet.


Biletgalleri

Kjelde

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992