Åsjordvegen (Sauherad)

Sideversjon per 21. jul. 2019 kl. 11:57 av Rool (samtale | bidrag)

ÅsjordvegenAkkerhaugen i Sauherad kommune tar av frå Sauheradvegen og greiner seg ut i Åsjordfeltet som ligg under Vardeåsen.

Åsjordvegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen har namn etter plassen, seinare gardsbruket Åsjordet, og blei namnsett i 1999.

Åsjordfeltet ligg på Åsjordets (gnr. 59/1) grunn. Utskiljinga av tomter tok til i 1956–57. I 1970 kjøpte Sauherad kommune bnr. 62 frå bnr. 1 og laga eit regulert byggefelt.

Åsjordet var plass under Nordistugu Jongsås i 1815, og bustaden var visstnok ikkje så mykje eldre. Andres Torjusson (1788–1816) g. 1815 med Kari Sveinungsdtr. (1787–1822), var husmann på Åsjordet i 1815. Dei hadde ikkje barn. Etter at Kari blei enke, gifte ho seg i 1817 med Jon Sigurdsson frå Oppigard Jongsås. Åsjordet blei sjøleigarbruk da og fekk løpenr. 124, sidan gnr. 59/1.

Kilder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Kirkeby, Birger: Bygdebok for Sauherad, Band III, Gardsnr. 44–74, Sauherad kommune 1985, s. 557, 565.


Koordinater: 59.39954° N 9.24423° Ø