Øystad (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Øystad Gnr.37/15 er Skippergata 1 i Folkestadbyen i Fyresdal kommune. Eigedomen er skild ut frå Århus gnr.37/1 og Gjermund Olavson Snarteland fekk i 1883 leigekontrakt på ei tomt til 12 kroner årleg leige. Her sette han opp hus. Hovudbygningen er ein midtgangsbygning med ei stove på kvar side av ein gang der ein del av denne vender ut mot vegen og er dela av til kjøkken. I ein innkledd veranda er det trapp opp til eit stort rom i andre høgda.

Det var enkja Anne Gunnarsdtr. Snarteland (1833-1911) som budde her i 1900 til ho døydde i 1911. Anne var frå Klauvreid i Skafså, vart gift på Snarteland, og Øystad vart då enkesete. Øystad fekk i 1927 ei skyld på 2 øre frå Folkestad Gnr. 37/5, dette selde Olav Rønjom til Ingebjørg A. Momrak (1862-1949) for 240 kroner. Ingebjørg var dotter til Anne. I 1935 selde så Ingebjørg til Kjetil J. Valebjørg, Aslak K. Snarteland, Olav A. Momrak og Aslak G. Momrak for 400 kroner.

Etter Ingebjørg var det fleire eigarar her, den fyrste var brorsonen hennar, Andreas Gunnarson Momrak. Øystad er eit sers godt døme på korleis folk busette seg i Folkestadbyen, ofte med tilflytta hus, men slik er det ikkje på Øystad. Her er i tunet hovudbygning, uthus med plass til dyr, utedo og stabbur som har vore vaskehus, og hage. I ei tid der Fyresdal Bygdemuseum vart oppmuntra til å sjå bygda som ein heilhet, og ikkje berre bondekultur, ynskte ein å få hand om, take vare på, og utvikle Øystad, og draumen vart oppfylt. Eigedomen vart i 1988 kjøpt inn av Fyresdal kommune v/kultur- og fritidsutvalet og gjeve vederlagsfritt til Fyresdal Bygdemuseum, jf. Skøyte dagsett 8. august 1991.

Øystad og Ingebjørg Momrak/Ingebjørg Øystad/Ingebjørg "Faster"

xxx

Øystad og Andreas Momrak

xxx

Øystad og Fyresdal Bygdemuseum

Tanken var å utvikle eigedomen til ein heilskap som kunne syne korleis folk levde her i fyrste halvdel av år 1900, på same vis som ein ville nytte naboeigedomen Bakeriet, som og Fyresdal Bygdemuseum hadde fått hand om, til å syne ein seinare periode. Drifta av mindre bygdemuse vart raskt meir krevjande etter overtakinga. Tanken var at huset kunne vere tilhald for ein omvisar, dette vart det ikkje noko av. Fyresdal kommune sin turistinformasjon heldt til her ei stund, likeeins freista ein å få i gang eit handverks-tun, alt synte seg å vere krevjande. Fyresdal Bygdekvinnelag hadde sine årlege utstillingar, der var og fleire andre utstillingar. Vedlikehaldet kravde meir og meir. I 2003 vart musea i Vest-Telemark konsolidera, Vest-Telemark Museum overtok ansvaret for Fyresdal Bygdemuseum, dei var ikkje engasjera i eit krevjande vedlikehald og tankar om framtidig bruk og ville berre avhende eigedomen. Dette vart difor gjort og Øystad vart i 2016 seld til private, denne gong og etterkomarar etter Anne Gunnarsdotter Snarteland frå Klauveid.

Øystad i privat eige frå 2016

xxx


Kjelder og utdjupande lesnad

  • Vest-Telemark Museum
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards-og ættesoge. Bind II. Fyresdal kommune 1992
  • Kyrkjene i Fyresdal. Fyresdal Sokneråd 2013.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal med bilæte. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania 1910
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal med bilæte. Andre utgåva. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo 1949 s. 87
  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag. s. 11,14
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 2009. s. 5,33
  • Rettingar til utgåva 2009 - i artikkelen om Folkestadbyen. "Sjå deg attyvi" 2010. Fyresdal Sogelag. s. 86
  • Veum, Lars: Fyresdal Bygdemuseum gjennom 100 år. Fyresdal Bygdemuseum 2009

Biletgalleri