Aasmund Nordgaards veg

Sideversjon per 20. sep. 2021 kl. 21:17 av Rool (samtale | bidrag)

Aasmund Nordgaards vegDalen i Tokke kommune går nordover frå Hotellvegen til Storvegen.

Aasmund Nordgaards veg sett frå Hotellvegen.
Foto: Roy Olsen (2020).

Vegen er 139 m lang og har namn etter bonde, byggmeister og stortingsmann Aasmund Nordgaard (1776–1864).

Aasmund Nordgaard vart fødd i 1776 på Gjersund i Morgedal og døydde på Dalen i 1864. Han hadde studert kanalbyggjing i Sverige og vart den fyrste som lansera planar om kanalisering av vassdraget oppover i Telemark. Nordgaard var ei drivande kraft for byggjinga av Telemarkskanalen og var òg medlem i Vrangfoss-kommisjonen.

Aasmund Nordgaards veg har tre adresser. Nr. 1 er eit trehus på to høgder, der forretningen Klesbua held til i fyrste. Nr. 6 er eigedomen Austbø med eit bustadhus der dei driv Dalen Bed & Breakfast. Nr. 12 er det flotte sveitserhuset der Blomsterbua held til. Blomsterbua er ei privat familiebedrift som starta opp i 1981. Bygget fekk verneprisen i 1992 frå Tokke kommune.

Kilder


Koordinater: 59.44482° N 8.01104° Ø