Anne Jensdotter Sletto (1867–1946): Forskjell mellom sideversjoner

korr, noen lenker, kategorier, litt just.
Ingen redigeringsforklaring
(korr, noen lenker, kategorier, litt just.)
Linje 1: Linje 1:
[[Fil:Anne-portrett-1901.jpeg---web.jpg|miniatyr|Anne Jensdotter Sletto, 1901. Foto: Hol Bygdearkiv]]Anne Jensdotter Sletto (1867-1946) var fødd på garden Sletto aust i Holsbygda, Hol i Hallingdal, 4. mars 1867. Ho var nummer fem i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra hennar var Birgit og Jens (Gamle-Jens) Sletto. Birgit var lærardotter frå grannebygda Ål, Jens var varekøyrar og hestehandlar, og bonde. Han var analfabet med godt hovud. Anne var ei sers dyktig tenestjente som i mange år tente utanfor heimbygda. Ho fekk to ungar, som i statistikken vart kalla «uægte børn», Olav Sletto (1886) og Jenny Bertine Sletto (1891).  Dei voks opp som fosterbarn hjå besteforeldra i Sletto. I 1900 gifta Anne seg i Vestfold, og ein gong, truleg mot slutten av perioden 1901-1910 flytta ho og mannen, svenske Theodor Brattnäs, til Hol. Dei busette seg på Geilo, der dei dreiv utleigeverksemd i heimen og der Anne arbeidde som vaske- og strykekone ved Holms Hotel. Theodor døydde i 1939, Anne i 1946.  
[[Fil:Anne-portrett-1901.jpeg---web.jpg|miniatyr|Anne Jensdotter Sletto, 1901. Foto: Hol Bygdearkiv.|alt=]]'''[[Anne Jensdotter Sletto (1867–1946)|Anne Jensdotter Sletto]]''' (1867-1946) var fødd på garden Sletto aust i Holsbygda, [[Hol kommune|Hol]] i [[Hallingdal]], 4. mars 1867. Ho var nummer fem i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra hennar var Birgit og Jens (Gamle-Jens) Sletto. Birgit var lærardotter frå grannebygda Ål, Jens var varekøyrar og hestehandlar, og bonde. Han var analfabet med godt hovud. Anne var ei sers dyktig tenestjente som i mange år tente utanfor heimbygda. Ho fekk to ungar, som i statistikken vart kalla «uægte børn», [[Olav Sletto]] (1886) og Jenny Bertine Sletto (1891).  Dei voks opp som fosterbarn hjå besteforeldra i Sletto. I 1900 gifta Anne seg i [[Vestfold]], og ein gong, truleg mot slutten av perioden 1901-1910 flytta ho og mannen, svenske Theodor Brattnäs, til Hol. Dei busette seg på [[Geilo]], der dei dreiv utleigeverksemd i heimen og der Anne arbeidde som vaske- og strykekone ved [[Dr. Holms Hotel|Holms Hotel]]. Theodor døydde i 1939, Anne i 1946.  

<gallery>
<gallery>
Sletto 2019. EA.jpg|miniatyr|Gaarden Sletto, der Anne Jensdotter Sletto var fødd i 1867. Foto: Eva Almhjell, 2019.
Fil:Sletto 2019. EA.jpg|Garden Sletto, der Anne Jensdotter Sletto var fødd i 1867. Foto: Eva Almhjell, 2019.
Gamle-Jens-og-Birgit-Sletto.jpeg---web.jpg|miniatyr|Jens og Birgit Sletto, foreldra til Anne Jensdotter Sletto. Foto: Hol Bygdearkiv.
Fil:Gamle-Jens-og-Birgit-Sletto.jpeg---web.jpg|Jens og Birgit Sletto, foreldra til Anne Jensdotter Sletto. Foto: Hol Bygdearkiv.
</gallery>
</gallery>

== Anne i si tid ==
==Anne i si tid ==
Anne Jensdotter Sletto høyrde til dei småe i samfunnet. Ho var tenestjente i ei eller annan form all si tid. Ei blant mange. Av folketellingane mot slutten av 19. hundreåret er talet på gruppa som hadde personleg tenesteyting som leveveg 95 000 i 1890 og 112 000 i 1900. Med visse atterhald var kring 7-8% av innbyggjarane i Norge tenarar heilt fram til kring 1930 (Almhjell/Øyrehagen Sunde, s. 15).

Linje 13: Linje 13:
Tuberkulosen herja stygt, kjønnsjukdomar skapte frykt og førte til lovregulering av prostitusjon i Kristiania. Fattige tenestjenter som selde kroppen sin for å overleva måtte til politilegen for kontroll, slik Chr. Krohg syner det i måleriet «Albertine» og boka med same namn, som vart forboden med det same ho kom ut.  

Dei Castbergske barnelover av 1915 likestilte barn fødde i og utanfor ekteskap kva gjeld retten til å arve far og ta fars namn. Desse rettane kom for seint for Anne sine to ungar, men dempa kanhende skamma som ramma såkalla «uægte børn» og «lause kvinner», mødrene deira (den rettshistoriske utviklinga for «lause kvinner», går fram av professor Jørn Øyrehagen Sunde (Almhjell/Øyrehagen Sunde 2015)).
[[De castbergske barnelover|Dei Castbergske barnelover]] av 1915 likestilte barn fødde i og utanfor ekteskap kva gjeld retten til å arve far og ta fars namn. Desse rettane kom for seint for Anne sine to ungar, men dempa kanhende skamma som ramma såkalla «uægte børn» og «lause kvinner», mødrene deira (den rettshistoriske utviklinga for «lause kvinner», går fram av professor Jørn Øyrehagen Sunde (Almhjell/Øyrehagen Sunde 2015)).

I Anne si tid var det to verdskrigar, med dyrtid, børskrakk, arbeidsløyse og framveksande arbeidarrørsle i turbulente år mellom 1914 og 1945. Ho levde i eit tid og var del av eit landbruk i omstilling frå familiebasert naturalhushald til industrialisert salsjordbruk, det som er kalla det store hamskiftet (Mimi Sverdrup Lunden, 1941, Gro Hagemann m.fl. Med kjønnsperspektiv på norsk historie, 2022). Ho rakk også få med seg innføringa av folketrygda i 1936 og arbeidsløysetrygda i 1939.

Linje 24: Linje 24:
</gallery>
</gallery>

== Tenestjenta Anne ==
==Tenestjenta Anne==
Anne gjekk på skole og vart konfirmert i Hol i 1882. To-tre år arbeidde ho kanskje på garden heime, eller hjå andre i grannelaget, men våren 1885 steig ho truleg i tenest utanfor bygda. Det er fyrst med Folketellinga 1891 vi får sikker kunnskap om kor ho då var. Den vart digitalt søkbar i desember 2018, og syner at Anne var busett og i tenest i Østfold. Dette er ny kunnskap, som korkje bygdebokforfattar og biograf Lars Reinton (Dale/Reinton, 1966) eller forfattaren av boka om Anne Sletto (Almhjell/Øyrehagen Sunde, 2015) hadde då bøkene vart skrivne.

Linje 31: Linje 31:
Anne fekk to ungar utanfor ekteskap. Korleis var forholdet mellom mor og son, mor og dotter, og mellom bror og syster?

== Sonen om mor si ==
==Sonen om mor si ==
Olav Sletto skriv fleire stader at han ikke likte mor si, «dette mennesket». Grunna henne kjende han på ei botnlaus einsemd alt som smågut, og han husa eit uoppretteleg morssakn han måtte leva med heile sitt liv. Han var glad ho budde langt unna, så han slapp treffe henne, og gledde seg ikkje då han høyrde ho ville heim. Han tok aldri initiativ til å møte henne, og var ikkje i gravferda hennar i juli 1946. Han var heller ikkje i gravferdene etter gommo og goffa sin i Sletto. Forfattaren var sjuk.

Linje 44: Linje 44:
Anne overraska sonen sin på Geilo i 1915. Gjorde ho det same då ho 15-20 år seinare vitja han i Sørumsand? Ho var kledd i bunad, eit høgtidsplagg, fortel ei forbausa sonedotter, Eva, som studerte til å bli skodespelar i Oslo. Gommo Anne, som ho ikkje visste eksisterte, minna henne om «Fru Inger til Østråt». På denne tida var Olav Sletto rektor ved Sørumsand folkehøgskole. I rektorboligen var det god plass for overnattingsgjester, og det vanlege var at utanbygds gjester låg over.  Kva ville Anne der? Hadde ho noko dele med sonen som han ikkje visste? Fortalde ho om korleis det hadde vore gi fra seg ungane? Sanna ho kven som var far hans? Ingen veit. Men Olav Sletto møtte Anne med ei kald skulder, og sende henne i retur til Oslo med fyrste tog. Etter det treftes dei to aldri meir, det vi veit.

== Dotterdottara Birgit om Gommo Geilo ==
==Dotterdottara Birgit om Gommo Geilo ==
Ei av døtrene til Jenny, Birgit Uren, g. Finnsen, fortel i minneboka si om besøk hjå Gommo Geilo, som dei i Uren kalla Anne. Ho var ofte på besøk, sjølv om vegen var lang og bratt, kring 15 km mest oppover eine vegen, og undabakkar som ho suste nedover med spark eller traska til fots heimatt. Ho minnest trivelege stunder på gommo-kjøkenet, og Theodor som leika og tulla med henne. I denne minneboka står det ingenting om at gommo hennar var «stam i tale». Kanskje ho heller ikkje var det i trygge omgjevnader? Andre hugsar at ho stamma, men ikkje slik at det var vanskeleg forstå henne.

Linje 51: Linje 51:
</gallery>
</gallery>

== Grannar på Geilo om Anne ==
== Grannar på Geilo om Anne==
Ho var noko for seg sjølv, heiter det, hadde tent hjå så fine folk, var litt heva over andre, kanskje, men også ei truande kvinne. Utan tvil var ho eit arbeidsmenneske, men kanskje vart ho sett på som innflyttar, ei som ikkje heilt passa inn i bygdekonseptet i stasjonsbyen Geilo. Ho vart enke i 1939, og sjukna til av diabetes og kreft. Glansen frå yngra dagar bleikna. Mange hadde vondt av henne.

== To ungar utanfor ekteskap ==
==To ungar utanfor ekteskap ==

=== Olav ===
===Olav===
21. juni 1886 kom fyrste barnet til Anne til verda der ho sjølv vaks opp, i Sletto. Guten fekk namnet Ola, seinare Olav. Anne hadde vore i tenest utenfor bygda sidan våren 1885, truleg frå faredagen 14. april. I ministeralboka for Hol 1886 er det Johannes Kristianson Lundeby, fødd i 1862, frå Sande nord i Vestfold som står skriven som far. Han var, som sonen Olav, fødd utanfor ekteskap. Mor hans gifta seg etter kvart med ein mann frå Drammen og fekk fleire barn med han. Dei kjøpte eit lite gardsbruk nord i Sande, som stefaren heldt på seta over styr. Mor fekk sett garden på dei to eldste sønene, Johannes og Olaf, for å redde livsgrunnlaget for ungane sine. Stefaren kom burt i Drammen, heiter det. Johannes var svakhelsa og hadde, som mange andre den tida, lite by på som familieforsørgjar. Han døydde våren 1900, berre 38 år gamal. Halvbroren, Olaf Larson, vart ein dyktig bonde. Bygdebokforfattaren Lars Reinton omtalar både Johannes og mor hans i rosande ordelag.  

Linje 71: Linje 71:
</gallery>
</gallery>

=== Jenny Bertine ===
===Jenny Bertine===
Fyrst i folketellinga av 1.1.1891 finn vi sikre spor etter Anne Jensdotter Sletto utafor heimbygda. Ho er i Aurskog-Høland i Akershus. Der er ho «logerende hørende til Familien» Ole Olsen (husmann og tømmerkøyrar) og Maren Halvardsdtr. på gården Stenberg i Aurskog, Akershus». Stenberg var ein plass under garden Tønsberg (gnr. 45 i Aurskog). Kvifor er ho nett der? I ei anmerking i Aurskog prestekontor Kirkebøker (F/Fa/L0008) heiter det: «Angivet av moderen, der opplyste, at hun i Anledning af sin Nedkomst reiste til Gaarden Tønsberg i Urskoug, som hun igjen forlater efter Barnets Daab».  

Linje 78: Linje 78:
Indersten (leigebuaren) Anne Jensdotter Sletto «har intet føderaad eller pension ikke eie hus har lidt formue».  

20 dagar etter folketellinga fødte Anne ei jente. Ho vart ført inn til dåp som «Jenny Bertine Andersdatter Sletto, født 20/1-91, døpt 22/2-91, «Uægte» datter av «Pige Husmandsdtr. fra Hols Præstegjæld i Hallingdal, Anne Jensdtr. Sletto f. 1867, der oppgav som Barnefader sin '''Forlovede Anders Johannesen Elverhøi f. 1872'''Tjenestedreng i og af Vestre Akers Prstgl. – Begge tjente i Vestre Aker» (Anne-Grethe Syvertsen, leiar i Digitalt slektsforum i Sande, 2018).  
20 dagar etter folketellinga fødte Anne ei jente. Ho vart ført inn til dåp som «Jenny Bertine Andersdatter Sletto, født 20/1-91, døpt 22/2-91, «Uægte» datter av «Pige Husmandsdtr. fra Hols Præstegjæld i Hallingdal, Anne Jensdtr. Sletto f. 1867, der oppgav som Barnefader sin Forlovede Anders Johannesen Elverhøi f. 1872. Tjenestedreng i og af Vestre Akers Prstgl. – Begge tjente i Vestre Aker» (Anne-Grethe Syvertsen, leiar i Digitalt slektsforum i Sande, 2018).  

«Lidt formue», står det. Det var vel heller uvanleg at ei tenestjente sit med formue, men heller ikkje dette finst det nokon forklaring på, så langt.

Linje 90: Linje 90:
</gallery>
</gallery>

==Anne i Vestfold==
'''Anne i Vestfold'''
 
I 1894 og 1895 er Anne registrert som busett i Våle i Vestfold. Ho var tenestjente på gardane Grette og Gunnestad som låg oppe på raet sør for vestfoldbyen Holmestrand. Ho må ha vore usedvanleg dyktig. Av sikre kjelder går det fram at ho i 1895 fekk diplom for godt fjøsstell frå Vaale Landboforening.  

Fil:Anne-diplom-1895.jpg|Anne Jensdotter Sletto. Diplom for godt fjøsstell fra Våle Landboforening 1895.
Fil:Anne-diplom-1895.jpg|Anne Jensdotter Sletto. Diplom for godt fjøsstell fra Vaale Landboforening 1895.
</gallery>I 1899 hadde ho post som husbestyrerinne i Langgaden i Holmestrand by, der dei kondisjonerte budde. I folketellinga 1900 var ho attende i Våle, som leigekone. Truleg har ho vore så etterspurt som arbeidskraft at ho kunne leige seg ut i staden for å vera i fast tenest. Ho stod dermed friare og kunne ta seg betre betalt enn som fast tenestjente, og ho kunne skifte oppdragsgivar når det høvde henne. Tenestfolk ellers kunne berre skifte tenest to gonger i året, i samband med faredagane 14. oktober og 14. april.  

Linje 104: Linje 102:

F.d. turistsjef på Geilo, Ulf Kløve, skriv i historia om Dr. Holms hotel at det var forsøk på organisering blant hotelltilsette i mellomkrigstida, men at det rann ut i sanden («Hotellet med de ni liv», 1999). Anne gjekk sine eigne vegar, om det også bar mot vinden, men vi finn ingen teikn til at ho kjende seg i slekt med dei som ville organisere seg.  

==Anne på Geilo==
 
== Anne på Geilo ==
I folketellinga for 1910 er Anne og Theodor Olsen registrert busett i Ustedalen i Hol kommune. Her arbeider ho som vaske- og strykekone på Holms Hotel, som opna samstundes med Bergensbanen, i 1909. I 1913 fekk ho, som nemnt, sett seg opp rommeleg hus ikkje langt frå hotellet. Det vart mykje vask av utleigeverksemda i fyrste etasje. På toppen av dette, tok ho på seg vask for andre folk i heimen. Dette var eit arbeid som kravde masse vatn og tid. Klesvask var tungt arbeid, og det var ikkje innlagt vatn i Villa Lunde. Stryking og rulling høyrde med. Strykejerna vart vermde på svartomn med vedafyring.

Linje 124: Linje 119:
</gallery>
</gallery>

==Kjelder==

Kjelder:
*Eva Almhjell/Jørn Øyrehagen Sunde: Anne Sletto. Eit kvinneportrett, Boksmia 2015
 
*Johs. A. Dale og Lars Reinton: Ei bok om Olav Sletto, Samlaget 1966
Eva Almhjell/Jørn Øyrehagen Sunde: Anne Sletto. Eit kvinneportrett, Boksmia 2015
* Lars Reinton: Folk og fortid i Hol, band III, Oslo 1972
 
*Kåre Olav Solhjell om Olav Sletto www.olavslettoseelskapet.no
Johs. A. Dale og Lars Reinton: Ei bok om Olav Sletto, Samlaget 1966
*B.A. Bjørnson: Aulestad tur-retur, Gyldendal Norsk Forlag 1981.
 
*Folketellinga 1.1.1891, oppsett komponert av leiar i Digitalt slektsforum i Sande, Anne-Grethe Syvertsen.
Lars Reinton: Folk og fortid i Hol, band III, Oslo 1972
*Mimi Sverdrup Lunden: De frigjorte hender, Johan Grundt Tanums forlag, Oslo 1941
 
*Ulf Kløve: Hotellet med de ni liv, 1999
Kåre Olav Solhjell om Olav Sletto www.olavslettoseelskapet.no
*Kari Melby i Gro Hagemann m.fl.: Med kjønnsperspektiv på norsk historie, Cappelen Damm Akademisk 2022
 
*Birgit Finnsen si minnebok.
B.A. Bjørnson: Aulestad tur-retur, Gyldendal Norsk Forlag 1981.
 
Folketellinga 1.1.1891, oppsett komponert av leiar i Digitalt slektsforum i Sande, Anne-Grethe Syvertsen.
 
Mimi Sverdrup Lunden: De frigjorte hender, Johan Grundt Tanums forlag, Oslo 1941
 
Ulf Kløve: Hotellet med de ni liv, 1999
 
Kari Melby i Gro Hagemann m.fl.: Med kjønnsperspektiv på norsk historie, Cappelen Damm Akademisk 2022

Birgit Finnsen si minnebok.
{{DEFAULTSORT:Sletto, Anne Jensdotter}}
{{Nn}}
{{KL}}
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Tjenestefolk]]
[[Kategori:Hol kommune]]
[[Kategori:Vestfold]]
[[Kategori:Fødsler i 1867]]
[[Kategori:Dødsfall i 1946]]
25 486

redigeringer