Anne Jensdotter Sletto (1867–1946)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne Jensdotter Sletto, 1901. Foto: Hol Bygdearkiv.

Anne Jensdotter Sletto (1867-1946) var fødd på garden Sletto aust i Holsbygda, Hol i Hallingdal, 4. mars 1867. Ho var nummer fem i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra hennar var Birgit og Jens (Gamle-Jens) Sletto. Birgit var lærardotter frå grannebygda Ål, Jens var varekøyrar og hestehandlar, og bonde. Han var analfabet med godt hovud. Anne var ei sers dyktig tenestjente som i mange år tente utanfor heimbygda. Ho fekk to ungar, som i statistikken vart kalla «uægte børn», Olav Sletto (1886) og Jenny Bertine Sletto (1891).  Dei voks opp som fosterbarn hjå besteforeldra i Sletto. I 1900 gifta Anne seg i Vestfold, og ein gong, truleg mot slutten av perioden 1901-1910 flytta ho og mannen, svenske Theodor Brattnäs, til Hol. Dei busette seg på Geilo, der dei dreiv utleigeverksemd i heimen og der Anne arbeidde som vaske- og strykekone ved Holms Hotel. Theodor døydde i 1939, Anne i 1946.

Anne i si tid

Anne Jensdotter Sletto høyrde til dei småe i samfunnet. Ho var tenestjente i ei eller annan form all si tid. Ei blant mange. Av folketellingane mot slutten av 19. hundreåret er talet på gruppa som hadde personleg tenesteyting som leveveg 95 000 i 1890 og 112 000 i 1900. Med visse atterhald var kring 7-8% av innbyggjarane i Norge tenarar heilt fram til kring 1930.[1]

Anne si tid var ei tid for masse-emigrasjon til Amerika, ei tid for industrialisering og teknologisk utvikling som førde til det store hamskiftet i norsk landbruk. Hennar tid var også tida for unionsoppløysinga med Sverige, og kvinners kamp for utdanning, almen stemmerett for kvinner og betre arbeidstilhøve for arbeidsfolk. Ho kunne sjøl gå og stemme etter sigeren i 1913, som ga alle kvinner i Norge stemmerett.

Tuberkulosen herja stygt, kjønnsjukdomar skapte frykt og førte til lovregulering av prostitusjon i Kristiania. Fattige tenestjenter som selde kroppen sin for å overleva måtte til politilegen for kontroll, slik Chr. Krohg syner det i måleriet «Albertine» og boka med same namn, som vart forboden med det same ho kom ut.

Dei Castbergske barnelover av 1915 likestilte barn fødde i og utanfor ekteskap kva gjeld retten til å arve far og ta fars namn. Desse rettane kom for seint for Anne sine to ungar, men dempa kanhende skamma som ramma såkalla «uægte børn» og «lause kvinner», mødrene deira (den rettshistoriske utviklinga for «lause kvinner», går fram av professor Jørn Øyrehagen Sunde [2]).

I Anne si tid var det to verdskrigar, med dyrtid, børskrakk, arbeidsløyse og framveksande arbeidarrørsle i turbulente år mellom 1914 og 1945. Ho levde i eit tid og var del av eit landbruk i omstilling frå familiebasert naturalhushald til industrialisert salsjordbruk, det som er kalla det store hamskiftet [3]. Ho rakk også få med seg innføringa av folketrygda i 1936 og arbeidsløysetrygda i 1939.

Anne kan ha forstått at marknaden for tenestjenter og leigekoner i vestfoldlandbruket krympa. Hamskiftet kom tidlegare der enn i fjellbygdene. I 1900 gifta ho seg med svenske Theodor Brattnäs i Vestfold. Han var jord- og steinarbeidar og leid av astma. Etter mange år utanbygds, orienterte fru Anne seg mot heimtraktene. Der hadde ho dei to ungane sine. Der opna det seg moglegheiter for arbeid. Det følgde med opninga av Bergensbanen i 1909, noko som ga eit kraftig skuv for ei ny næring, turismen. Fjellufta var dessutan bra for den som astmatikar var. I 1909 sto m.a. luksushotellet, Dr. Holms Hotel, klar for å ta imot gjester som kom med tog frå aust og vest. Dr. Holm hadde i tida før dette sett mykje inn på å få utflytta jenter frå Hallingdal heim att. Han hadde i årevis sett seg arg på jentemarknaden i Bragenes (Drammen) som omsette jenter frå fjellbygdene på ein uverdig måte, slik han såg det. Og han var i beit for arbeidskraft til det nye hotellet sitt. Anne kan ha fått med seg dette. Ho følgde med i samfunnet og marknaden rundt seg, kan det sjå ut til. Til sist: Kom ho heim att, kunne ho også sole seg i glansen av Olav, som over natta hadde vorte ein feira forfattar med debutboka «Dei gamle» i 1908.

Ein gong, truleg noko seint i 10-året før 1910, gjorde ho alvor av å flytte heim att. I folketellinga dette året var ekteparet busett i Ustedalen (Geilo). I 1913 sette ho seg opp stort, flott hus med åtte rom i to høgder ikkje langt frå Holms Hotel på Geilo. I heimen styrte Theodor med utleigeverksemd. Andre høgda vart leigd ut til lokale folk. I fyrste høgda leigde turistar seg inn sommarstid. Då flytta ekteparet ut i eit lite hus i hagen. Huslånet vart nedbetalt lenge før fristen. Anne synest ha nytta den nye marknaden. Ho hadde forretningssans, tenestjenta frå Sletto i Hol.

Tenestjenta Anne

Anne gjekk på skole og vart konfirmert i Hol i 1882. To-tre år arbeidde ho kanskje på garden heime, eller hjå andre i grannelaget, men våren 1885 steig ho truleg i tenest utanfor bygda. Det er fyrst med Folketellinga 1891 vi får sikker kunnskap om kor ho då var. Den vart digitalt søkbar i desember 2018, og syner at Anne var busett og i tenest i Østfold. Dette er ny kunnskap, som korkje bygdebokforfattar og biograf Lars Reinton [4] eller forfattaren av boka om Anne Sletto [5] hadde då bøkene vart skrivne.

Utover på 1890-talet finn vi henne i Holmestrands-traktene i Vestfold, og i folketellinga 1910 bur ho, som nemnd, i Ustedalen i Hol kommune. Vi finn ingen spor etter henne i offentlege dokument frå 1880-talet. Kor ho var i tenest desse åra er basert på uvisse slutningar, der eit par fortellingar er i omløp. Den eine fortellinga heiter Anne i Gausdalen, den andre Anne i Vestfold. Ingen fortelling handlar om Anne i Østfold.

Anne fekk to ungar utanfor ekteskap. Korleis var forholdet mellom mor og son, mor og dotter, og mellom bror og syster?

Sonen om mor si

Olav Sletto skriv fleire stader at han ikkje likte mor si, «dette mennesket». Grunna henne kjende han på ei botnlaus einsemd alt som smågut, og han husa eit uoppretteleg morssakn han måtte leva med heile sitt liv. Han var glad ho budde langt unna, så han slapp treffe henne, og gledde seg ikkje då han høyrde ho ville heim. Han tok aldri initiativ til å møte henne, og var ikkje i gravferda hennar i juli 1946. Han var heller ikkje i gravferdene etter gommo og goffa sin i Sletto. Forfattaren var sjuk.

Då han var på taleferd på Geilo i 1915, tok han sjøl kontakt med besteforeldra, men ikkje med mor si. Ho tok skjeia i eigen hand, så då han ein kald februardag steig av toget på Geilo stasjon, dukka mor hans, «dette menneske», uventa opp. I brev til kona Karin skildrar han møtet slik: «Mor var bljug – men frisk i hud og vakker. Umaateleg roleg – og stam naar ho tala – men god smil. ...». Ho spanderte opphaldet på Holms Hotel på sonen, og han takka ja til å vitje henne i heimen. Olav var imponert over det store og flotte huset, som mor hans kalla Villa Lunde.

I 1908 debuterte Olav Sletto med romanen «Dei gamle». Det vart ein braksuksess. Den unge forfattaren hauste rosande omtale som heimstaddiktar i hovudstadspressa. Tilmed sjølvaste Bjørnstjerne Bjørnson rosa debutanten, som fekk treffe sitt store førebilete i Kristiania. Dette skriv han om til Karin, og lovar fortelja meir når dei treffest. Han let mykje sveve mellom linene. Mor var stolt av han, og det ga tenestjenta med to ungar utanfor ekteskap status i bygda å ha slik ein son.

Då kvelden kom, og festsalen var fylt til siste plass av nysgjerrige arbeidskameratar, bygdefolk og hotellets fornemme gjester, «so fylgde eg mor høgtideleg til setes paa fyrste benken, gjennom heile salen. ...». Så kasta han trøya og stod der i skinande kvit skjorte. Aldri hadde han kjent seg så vakker og sterk, skriv han, og no «fekk mor uppreising. For mange ein liden tort...».

Ei meisterleg iscenesetting av mor og son, kan ein vel si. Bygdedyret fekk sitt, men aldri om Anne røpa kven som var far til Olav Sletto. Ein ting var at Olav Sletto gjorde seg gåtefull, slik bygdebokforfattaren for nyare tid i Hol, Kåre Olav Solhjell skriv.[6] Mor hans var av same slag, kan det sjå ut til.

Anne overraska sonen sin på Geilo i 1915. Gjorde ho det same då ho 15-20 år seinare vitja han i Sørumsand? Ho var kledd i bunad, eit høgtidsplagg, fortel ei forbausa sonedotter, Eva, som studerte til å bli skodespelar i Oslo. Gommo Anne, som ho ikkje visste eksisterte, minna henne om «Fru Inger til Østråt». På denne tida var Olav Sletto rektor ved Sørumsand folkehøgskole. I rektorboligen var det god plass for overnattingsgjester, og det vanlege var at utanbygds gjester låg over.  Kva ville Anne der? Hadde ho noko dele med sonen som han ikkje visste? Fortalde ho om korleis det hadde vore gi fra seg ungane? Sanna ho kven som var far hans? Ingen veit. Men Olav Sletto møtte Anne med ei kald skulder, og sende henne i retur til Oslo med fyrste tog. Etter det treftes dei to aldri meir, det vi veit.

Dotterdottara Birgit om Gommo Geilo

Ei av døtrene til Jenny, Birgit Uren, g. Finnsen, fortel i minneboka si om besøk hjå Gommo Geilo, som dei i Uren kalla Anne. Ho var ofte på besøk, sjølv om vegen var lang og bratt, kring 15 km mest oppover eine vegen, og undabakkar som ho suste nedover med spark eller traska til fots heimatt. Ho minnest trivelege stunder på gommo-kjøkenet, og Theodor som leika og tulla med henne. I denne minneboka står det ingenting om at gommo hennar var «stam i tale». Kanskje ho heller ikkje var det i trygge omgjevnader? Andre hugsar at ho stamma, men ikkje slik at det var vanskeleg forstå henne.

Grannar på Geilo om Anne

Ho var noko for seg sjølv, heiter det, hadde tent hjå så fine folk, var litt heva over andre, kanskje, men også ei truande kvinne. Utan tvil var ho eit arbeidsmenneske, men kanskje vart ho sett på som innflyttar, ei som ikkje heilt passa inn i bygdekonseptet i stasjonsbyen Geilo. Ho vart enke i 1939, og sjukna til av diabetes og kreft. Glansen frå yngra dagar bleikna. Mange hadde vondt av henne.

To ungar utanfor ekteskap

Olav

21. juni 1886 kom fyrste barnet til Anne til verda der ho sjølv vaks opp, i Sletto. Guten fekk namnet Ola, seinare Olav. Anne hadde vore i tenest utenfor bygda sidan våren 1885, truleg frå faredagen 14. april. I ministeralboka for Hol 1886 er det Johannes Kristianson Lundeby, fødd i 1862, frå Sande nord i Vestfold som står skriven som far. Han var, som sonen Olav, fødd utanfor ekteskap. Mor hans gifta seg etter kvart med ein mann frå Drammen og fekk fleire barn med han. Dei kjøpte eit lite gardsbruk nord i Sande, som stefaren heldt på seta over styr. Mor fekk sett garden på dei to eldste sønene, Johannes og Olaf, for å redde livsgrunnlaget for ungane sine. Stefaren kom burt i Drammen, heiter det. Johannes var svakhelsa og hadde, som mange andre den tida, lite by på som familieforsørgjar. Han døydde våren 1900, berre 38 år gamal. Halvbroren, Olaf Larson, vart ein dyktig bonde. Bygdebokforfattaren Lars Reinton omtalar både Johannes og mor hans i rosande ordelag.

Denne fortellinga tyder at Anne var i tenest i nordre Vestfold på midten av 1880-talet. Lars Reinton meiner det er sannsynleg, då far hennar på sine handelsferder var på dei kantar. Han kjente mange folk, var godt likt og kunne ha hjelpt dotter si med tenest.  Det var denne fortellinga dei levde med i Sletto.

Men i bygda laga det seg ei anna fortelling. Den handlar om ei Anne som steig i tenest i Gausdalen, hjå sjølvaste Bjørnstjerne Bjørnson på Aulestad. Bonden sjøl og heile hans familie budde i Paris på denne tida. Med unntak av yngste sonen, Erling, som var på garden. Han var 17 år og ein villstyring, om ein skal tru far hans, Bjørnson-biografen Edvard Hoem og systersonen B.A. Bjørnson-Langen. Erling Bjørnson sat på Stortinget for Bondepartiet (1934-40). Han var ein dyktig bonde, opptatt av rasehygiene, og han var saksordførar for Steriliseringslova av 1934. Under krigen melde han seg inn i Nasjonal Samling, og fekk si straff etter krigen. I «Gausdal-fortellinga», som vart nedteikna av holingen Inga Tufte i 1966, kom Anne heim via Veme, der ei eldre syster var tenestjente, og ho kom frå Gausdalen, heiter det.  Anne prøvde skaffe seg tenest i Veme, men med høg mage, vart ho tilrådd å reise heim snøggast ho vann.  

Om det er den eine eller andre fortellinga som er rett, er ikkje godt vita. Kanskje var ho korkje i Gausdalen eller Vestfold? Sikre spor er ikkje funnen utafor heimbygda i åra før 1891. Men vi veit at Anne like etter fødselen forlet den nyfødde, barndomsheimen og bygda. Det må ha gjort vondt, i kropp og sjel, med brystspreng og sjelesorg, men betre vita barnet vekse opp hjå besteforeldra i Hol enn å seta det bort til fremmande, slik mange andre i hennar situasjon måtte.   Kor ho tok vegen, og om ho trefte nokon undervegs til (ny)tenest, veit ingen lenger.  Kanskje fór ho til Akershus, til Aurskog-Høland?

Olav var ein gløgg gut og gode folk i bygda sørga for at han fekk gå på folkehøgskule på Voss og lærarskule på Notodden. Det vart også kosta på han eit studieopphald i København i 1908-09, etter braksuksessen han hadde med debutboka si «Dei gamle» i 1908. I 1911 gifta han seg i det dulgde med skipsreiardottera, Karin Bryde, frå Sandefjord. Dei fekk fire ungar.

Jenny Bertine

Fyrst i folketellinga av 1.1.1891 finn vi sikre spor etter Anne Jensdotter Sletto utafor heimbygda. Ho er i Aurskog-Høland i Akershus. Der er ho «logerende hørende til Familien» Ole Olsen (husmann og tømmerkøyrar) og Maren Halvardsdtr. på gården Stenberg i Aurskog, Akershus». Stenberg var ein plass under garden Tønsberg (gnr. 45 i Aurskog). Kvifor er ho nett der? I ei anmerking i Aurskog prestekontor Kirkebøker (F/Fa/L0008) heiter det: «Angivet av moderen, der opplyste, at hun i Anledning af sin Nedkomst reiste til Gaarden Tønsberg i Urskoug, som hun igjen forlater efter Barnets Daab».

Kor lenge Anne hadde vore i Akershus før folketellinga 1891, og kor ho tek vegen etter dottera sin dåp, veit vi ikkje. Kanskje heimatt til Sletto i Hol, der jenta vart att som fosterbarn hjå Anne sine foreldre? Der er i alle fall Jenny ved folketellinga i 1900, saman med halvbror sin, Olav, og ein onkel fødd i 1881 (Jens J. Sletto).

Indersten (leigebuaren) Anne Jensdotter Sletto «har intet føderaad eller pension ikke eie hus har lidt formue».

20 dagar etter folketellinga fødte Anne ei jente. Ho vart ført inn til dåp som «Jenny Bertine Andersdatter Sletto, født 20/1-91, døpt 22/2-91, «Uægte» datter av «Pige Husmandsdtr. fra Hols Præstegjæld i Hallingdal, Anne Jensdtr. Sletto f. 1867, der oppgav som Barnefader sin Forlovede Anders Johannesen Elverhøi f. 1872. Tjenestedreng i og af Vestre Akers Prstgl. – Begge tjente i Vestre Aker».[7]

«Lidt formue», står det. Det var vel heller uvanleg at ei tenestjente sit med formue, men heller ikkje dette finst det nokon forklaring på, så langt.

Då Jenny gifta seg i Hol i 1913, oppga ho Holmestrand som fødestad. Dette, og det at Gamle-Jens Sletto køyrde varer i nordre Vestfold, at Anne på 1890-talet er å finne i Vestfold, og ikkje minst at Olavs far held til nord i Vestfold, har nok fått biografen Lars Reinton til å trekke den slutning at det var Holmestrand i Vestfold som var meint. Men det finst altså eit Holmestrand i Aurskog-Høland i Akershus (Østfold), og det var der Jenny Bertine kom til verda og der ho vart boren til dåpen. Den transkriberte (søkbare) versjonen av folketellinga 1891 for Aurskog vart publisert 20.12.2018, dvs. fleire år etter at bygdebøkene var skrivne, år etter at Lars Reinton skreiv boka om Olav Sletto (1966), og Eva Almhjell skreiv om Anne Jensdotter Sletto (2015).

Jenny Bertine var, som halvbror sin, vakker og gløgg. Ho var ei av nokre få jenter frå Hol som fekk gå på Voss folkehøgskule. I Uren var det i hennar tid både hjarterom og husrom for fleire enn dei ho sjøl sette til verda. Ho var ei dyktig stølsbudeie, og blir hugsa som ei lettlyndt og glad, sterk og handlingsdyktig mor med stor omsorg, ei omsorg som også omfatta dyr. I 1963 fekk Jenny diplom frå Norges Dyrebeskyttelsesforbund.

Jenny Bertine gifta seg i 1913 med bonde Olav Sveinsen Uren frå Hol. Dei fekk åtte   ungar. I tillegg tok ho til seg eit to år gamalt barnebarn etter eine dotter si, som døydde i sukkersjuke. I 1943 vart ho enke, sjøl døydde ho i 1968. Begge er gravlagde ved Hol kyrkje.

Anne i Vestfold

I 1894 og 1895 er Anne registrert som busett i Våle i Vestfold. Ho var tenestjente på gardane Grette og Gunnestad som låg oppe på raet sør for vestfoldbyen Holmestrand. Ho må ha vore usedvanleg dyktig. Av sikre kjelder går det fram at ho i 1895 fekk diplom for godt fjøsstell frå Vaale Landboforening.

I 1899 hadde ho post som husbestyrerinne i Langgaden i Holmestrand by, der dei kondisjonerte budde. I folketellinga 1900 var ho attende i Våle, som leigekone. Truleg har ho vore så etterspurt som arbeidskraft at ho kunne leige seg ut i staden for å vera i fast tenest. Ho stod dermed friare og kunne ta seg betre betalt enn som fast tenestjente, og ho kunne skifte oppdragsgivar når det høvde henne. Tenestfolk ellers kunne berre skifte tenest to gonger i året, i samband med faredagane 14. oktober og 14. april.

I mai 1900 døydde Johannes Lundeby, han som står skriven som far til sonen hennar, Olav. I november same året gifta Anne seg i Våle kirke med den svenske jord- og steinarbeidaren Theodor Brattnäs. Det var mange svenskar i Vestfold på den tida, men populære var dei ikkje i desse siste åra før unionsoppløysiga i 1905. Forlovarane var bøndene på dei to gardane, Grette og Gunnestad. Det var også desse to som signerte diplomet for godt fjøsstell.  Ekteparet tok Olsen som etternamn, og Anne forsvenska fyrinamnet sitt til Anna. Ho fekk ingen barn med sin svenske mann.

Det vanlege for kvinner på denne tida var å stå i tenest i unge år, og slutte i tenesta då dei gifta seg. I den tradisjonelle arbeidsdelinga i familien var mannen forsørgar. Kvinna «stelte heime», tok seg av mann, heim og ungar. Ekteparet i Villa Lunde på Geilo snudde tradisjonen på hovudet: Han var heime. Truleg tok han seg av utleigeverksemda. Ho var lønnsarbeidar og hovudforsørgar i familien.

F.d. turistsjef på Geilo, Ulf Kløve, skriv i historia om Dr. Holms hotel at det var forsøk på organisering blant hotelltilsette i mellomkrigstida, men at det rann ut i sanden.[8] Anne gjekk sine eigne vegar, om det også bar mot vinden, men vi finn ingen teikn til at ho kjende seg i slekt med dei som ville organisere seg.

Anne på Geilo

I folketellinga for 1910 er Anne og Theodor Olsen registrert busett i Ustedalen i Hol kommune. Her arbeider ho som vaske- og strykekone på Holms Hotel, som opna samstundes med Bergensbanen, i 1909. I 1913 fekk ho, som nemnt, sett seg opp rommeleg hus ikkje langt frå hotellet. Det vart mykje vask av utleigeverksemda i fyrste etasje. På toppen av dette, tok ho på seg vask for andre folk i heimen. Dette var eit arbeid som kravde masse vatn og tid. Klesvask var tungt arbeid, og det var ikkje innlagt vatn i Villa Lunde. Stryking og rulling høyrde med. Strykejerna vart vermde på svartomn med vedafyring.

Mens han avviste mor si i levande live, dikta Olav fram ein far som han likte, ein han aldri fekk møte, og som han fekk veta døydde ung. Johannes Lundeby var 38 år då han døydde. Den andre moglege farskandidaten, Erling Bjørnson, var 91 år før han gjekk ut av tida. Dette kan styrke fortellinga om at det var Johannes Lundeby som var Olav sin far, men andre ting han skriv, m.a. i brev til Karin Bryde, dreg i retning Bjørnson. Då Anne døydde i juli 1946, flytta Olav inn i mors hus på Geilo saman med kona Karin. Han trivdest i mors hus og held fram som ein svært produktiv forfattar heilt til han gjekk bort i 1963.

Ikkje alle ungar fødde utanfor ekteskap gjekk det bra med, men Anne sine to fekk lange og etter tilhøva gode liv. Æra for det tilkjem ikkje minst, må ein kunne si, bestemor Birgit Sletto.

Anne Sletto var av dei mange som bygde landet, men som høyrde til dei småe i samfunnet, slike det ikkje stod om «i bladet». Slike det ikkje er enkelt finne informasjon om i offentlege dokument, som ministeralbøker og flyttemeldingar. Enn si andre kjelder. Men umogleg er det ikkje. Tenestjentene kan framstå som ein grå masse, men går ein inn i den einskilde si historie, kan ein, som her, finne ei dyktig og sterk kvinne, eit unikt menneske, ei som kjende sin plass, men gjekk sine eigne vegar og såg moglegheitene i staden for problema. Ei kvinne som orienterte seg oppover i samfunnet og som heller ikkje bøygde nakken for bygdedyr og folkesnakk. Tvert om.

På sine eldre dagar vart Anne Sletto sjuk. Ho sleit, som nemnt, med både diabetes og kreft, og klarte ikkje halde på stilen frå yngre dagar. Mange hadde vondt av henne.

Tenestjenta Anne Jensdotter Sletto, mor til to «uægte børn», gommo til fire ungar etter sonen Olav og åtte etter dottera Jenny, og etterkvart oldemor til mange, mange etterkomarar. Ei arbeidssam, nøysam og sterk kvinne som arbeidde seg fram som tenestjente, husbestyrerinne, og dyktig leigekone i Vestfold, og som alt i 1913 var med i utviklinga av turismen på Geilo, som vaske- og strykekone ved Dr. Holms Hotel og med utleigeverksemd i den nybygde heimen. I dag ville vi truleg ha kalla henne gründer. I juli 1946 var det slutt på eit langt og innhaldsrikt liv. På kyrkjegarden ved Geilo kyrkje kviler mor og son side om side. Det vart fred til slutt.

Kjelder

Referansar

  1. Almhjell/Øyrehagen Sunde, s. 15.
  2. Almhjell/Øyrehagen Sunde 2015)
  3. Mimi Sverdrup Lunden, 1941, Gro Hagemann m.fl. Med kjønnsperspektiv på norsk historie, 2022
  4. Dale/Reinton, 1966
  5. Almhjell/Øyrehagen Sunde, 2015
  6. www.olavslettoselskapet.no
  7. Anne-Grethe Syvertsen, leiar Slekt og Data Sande, 2018.
  8. Kløve, Ulf: «Hotellet med de ni liv», 1999