Arne Garborg: Forskjell mellom sideversjoner
(kat) |
(tok vekk f1, - for lite onlyinclude, - utdyp den gjerne!) |
||
Linje 63: | Linje 63: | ||
[[Kategori:Fødsler i 1851]] | [[Kategori:Fødsler i 1851]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1924]] | [[Kategori:Dødsfall i 1924]] | ||
Sideversjonen fra 6. des. 2010 kl. 13:00
Arne Garborg, fødd Aadne Eivindsson Garborg (fødd 25. januar 1851, død 14. januar 1924) var ein forfattar, redaktør og samfunnsdebattant.
Tidleg liv
Han vart fødd på familiegarden Garborg nær Undheim i Time kommune, og vaks opp der saman med åtte sysken. Før han ble kjend som forfattar arbeidde han som bladmann. Han var odelsgut, men valde trass det å ta utdanning. Faren hadde ønskt at eldstemann tok over garden, og dette skal ha vore medverkande til at han kom ut i eit religiøst prega tungsinn som endte med sjølvdrap i 1870. Barndomsheimen vart kjend som Garborgheimen.
Bladmann
I 1872 grunnla Garborg Tvedestrandposten, og i 1877 Fedraheimen der han var redaktør til 1892. I 1894 grunnla han Den 17de Mai saman med Rasmus Steinsvik.
Forfattar og målmann
Hans fyrste roman, Ein fritenkjar, kom ut i 1878. Den vart i 1883 følgd av Bondestudentar, som vart eit gjennombrot for Garborg. I 1889 la han saman med Rasmus Flo fram midlandsnormalen, ein rettskrivingsnormal som han sjølv nytta sidan. I Skriftir i samling er alle verka hans omskrive til denne normalen.
Bustader
Garborg gifte seg i 1887 med Hulda Garborg. Dei busette seg i 1897 på Labråten i Asker kommune, og budde der resten av sine liv. Dei hadde óg ein sommarbustad, eit jærhus i Knudaheio som Garborg fekk bygd i 1899.
Verkliste
Romanar
- Ein Fritenkjar (1878)
- Bondestudentar (1883)
- Mannfolk (1886)
- Hjaa ho Mor (1990)
- Trætte Mænd (1891)
- Fred (1892)
- Den burtkomme Faderen (1899)
Diktsamlingar
Skodespel
Andre verk
- Forteljingar og Sogar (1884)
- Knudahei-brev (1904)
- Jesus Messias (1906)
- Kolbotnbrev (1890)
- Jonas Lie. En Udviklingshistorie (1893)
- Dagbok 1905-1923 (1925–1927)
- Tankar og utsyn (1950)
- Odyssevskvædet umsetjing, Kristiania (1918)
- Han Lars i Lia