Arne Garborg: Forskjell mellom sideversjoner
(mykje oppkalla) |
m (→Oppkalla: Garborgs plass ligger ikke i Regjeringskvartalet, vil jeg si, men ved.) |
||
Linje 24: | Linje 24: | ||
Mange vegar og plassar i Noreg er oppkalla etter diktaren Garborg, sjå til dømes | Mange vegar og plassar i Noreg er oppkalla etter diktaren Garborg, sjå til dømes | ||
*[[Arne Garborgs plass]] | *[[Arne Garborgs plass]] ved Regjeringskvartalet i [[Oslo]] | ||
*[[Arne Garborgs vei (Lørenskog)]] | *[[Arne Garborgs vei (Lørenskog)]] | ||
*[[Garborgs vei]], [[Larvik]] | *[[Garborgs vei]], [[Larvik]] |
Sideversjonen fra 7. nov. 2013 kl. 08:35
Arne Garborg, fødd Aadne Eivindsson Garborg (fødd 25. januar 1851, død 14. januar 1924) var ein forfattar, redaktør og samfunnsdebattant.
Tidleg liv
Han vart fødd på familiegarden Garborg nær Undheim i Time kommune, og vaks opp der saman med åtte sysken. Før han ble kjend som forfattar arbeidde han som bladmann. Han var odelsgut, men valde trass det å ta utdanning. Faren hadde ønskt at eldstemann tok over garden, og dette skal ha vore medverkande til at han kom ut i eit religiøst prega tungsinn som endte med sjølvdrap i 1870. Barndomsheimen vart kjend som Garborgheimen.
Bladmann
I 1872 grunnla Garborg Tvedestrandposten, og i 1877 Fedraheimen der han var redaktør til 1892. I 1894 grunnla han Den 17de Mai saman med Rasmus Steinsvik.
Forfattar og målmann
Hans fyrste roman, Ein fritenkjar, kom ut i 1878. Den vart i 1883 følgd av Bondestudentar, som vart eit gjennombrot for Garborg. I 1889 la han saman med Rasmus Flo fram midlandsnormalen, ein rettskrivingsnormal som han sjølv nytta sidan. I Skriftir i samling er alle verka hans omskrive til denne normalen.
Bustader
I 1875 fekk Garborg, som ein av dei fyrste, plass på Studenterhjemmet i Underhaugsveien 13 i Kristiania, som presten Peter Hærem hadde oppretta samme år. Han budde her til året etter. Hærem vart inspirasjon for skikkelsen Pater Omnipotens i Garborgs Bondestudentar.
Garborg gifte seg i 1887 med Hulda, fødd Bergersen (1862-1934). Dei busette seg i 1897 på Labråten i Asker kommune, og budde der resten av sine liv. Dei hadde óg ein sommarbustad, eit jærhus i Knudaheio som Garborg fekk bygd i 1899.
Oppkalla
Mange vegar og plassar i Noreg er oppkalla etter diktaren Garborg, sjå til dømes
- Arne Garborgs plass ved Regjeringskvartalet i Oslo
- Arne Garborgs vei (Lørenskog)
- Garborgs vei, Larvik
Verkliste
Romanar
- Ein Fritenkjar (1878)
- Bondestudentar (1883)
- Mannfolk (1886)
- Hjaa ho Mor (1990)
- Trætte Mænd (1891)
- Fred (1892)
- Den burtkomme Faderen (1899)
Diktsamlingar
Skodespel
Andre verk
- Forteljingar og Sogar (1884)
- Knudahei-brev (1904)
- Jesus Messias (1906)
- Kolbotnbrev (1890)
- Jonas Lie. En Udviklingshistorie (1893)
- Dagbok 1905-1923 (1925–1927)
- Tankar og utsyn (1950)
- Odyssevskvædet umsetjing, Kristiania (1918)
- Han Lars i Lia