Arne Garborg: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
 
Linje 16: Linje 16:
==Bustader==
==Bustader==


I 1875 fekk Garborg plass på [[Studenterhjemmet i Underhaugsveien i Oslo|Studenterhjemmet]] i Underhaugsveien 13 i Kristiania, som presten [[Peter Hærem]] hadde oppretta samme år. Han budde her til året etter. Hærem vart inspirasjon for skikkelsen ''Pater Omnipotens'' i Garborgs ''Bondestudentar''.  
I 1875 fekk Garborg plass på [[Studenterhjemmet i Underhaugsveien i Oslo|Studenterhjemmet]] i [[Underhaugsveien (Oslo)|Underhaugsveien]] 13 i Kristiania, som presten [[Peter Hærem]] hadde oppretta samme år. Han budde her til året etter. Hærem vart inspirasjon for skikkelsen ''Pater Omnipotens'' i Garborgs ''Bondestudentar''.  


Garborg gifte seg i [[1887]] med [[Hulda Garborg|Hulda]], fødd Bergersen (1862-1934). Dei busette seg i [[1897]] på [[Labråten (Asker)|Labråten]] i [[Asker kommune]], og budde der resten av sine liv. Dei hadde óg ein sommarbustad, eit [[jærhus]] i [[Knudaheio]] som Garborg fekk bygd i [[1899]].
Garborg gifte seg i [[1887]] med [[Hulda Garborg|Hulda]], fødd Bergersen (1862-1934). Dei busette seg i [[1897]] på [[Labråten (Asker)|Labråten]] i [[Asker kommune]], og budde der resten av sine liv. Dei hadde óg ein sommarbustad, eit [[jærhus]] i [[Knudaheio]] som Garborg fekk bygd i [[1899]].

Nåværende revisjon fra 15. jul. 2018 kl. 15:21

Arne Garborg

Arne Garborg, fødd Aadne Eivindsson Garborg (fødd 25. januar 1851, død 14. januar 1924) var ein forfattar, redaktør og samfunnsdebattant. Han var gift med Hulda, født Bergersen (1862–1934), forfattar og kulturarbeidar.

Tidleg liv

Han vart fødd på familiegarden Garborg nær Undheim i Time kommune, og vaks opp der saman med åtte sysken. Før han ble kjend som forfattar arbeidde han som bladmann. Han var odelsgut, men valde trass det å ta utdanning. Faren hadde ønskt at eldstemann tok over garden, og dette skal ha vore medverkande til at han kom ut i eit religiøst prega tungsinn som endte med sjølvdrap i 1870. Barndomsheimen vart kjend som Garborgheimen.

Bladmann

I 1872 grunnla Garborg Tvedestrandposten, og i 1877 Fedraheimen der han var redaktør til 1892. I 1894 grunnla han Den 17de Mai saman med Rasmus Steinsvik.

Forfattar og målmann

Garborgs skriveskatoll på i heimen Labråten.
Foto: Olve Utne

Hans fyrste roman, Ein fritenkjar, kom ut i 1878. Den vart i 1883 følgd av Bondestudentar, som vart eit gjennombrot for Garborg. I 1889 la han saman med Rasmus Flo fram midlandsnormalen, ein rettskrivingsnormal som han sjølv nytta sidan. I Skriftir i samling er alle verka hans omskrive til denne normalen.

Bustader

I 1875 fekk Garborg plass på Studenterhjemmet i Underhaugsveien 13 i Kristiania, som presten Peter Hærem hadde oppretta samme år. Han budde her til året etter. Hærem vart inspirasjon for skikkelsen Pater Omnipotens i Garborgs Bondestudentar.

Garborg gifte seg i 1887 med Hulda, fødd Bergersen (1862-1934). Dei busette seg i 1897Labråten i Asker kommune, og budde der resten av sine liv. Dei hadde óg ein sommarbustad, eit jærhus i Knudaheio som Garborg fekk bygd i 1899.

Oppkalla

Mange vegar og plassar i Noreg er oppkalla etter diktaren Garborg, sjå til dømes

Verkliste

Labråten i Asker, der Arne og Hulda Garborg budde.
Foto: Olve Utne
Garborgheimen, barndomsheimen på Garborg.
Foto: Gunleiv Hadland

Romanar

Ein Fritenkjar (1878)
Bondestudentar (1883)
Mannfolk (1886)
Hjaa ho Mor (1990)
Trætte Mænd (1891)
Fred (1892)
Den burtkomne Faderen (1899)

Diktsamlingar

Haugtussa (1895)
I Helheim (1901)

Skodespel

Uforsonlige (1888)
Læraren (1896)

Andre verk

Forteljingar og Sogar (1884)
Knudahei-brev (1904)
Jesus Messias (1906)
Kolbotnbrev (1890)
Jonas Lie. En Udviklingshistorie (1893)
Dagbok 1905-1923 (19251927)
Tankar og utsyn (1950)
Odyssevskvædet umsetjing, Kristiania (1918)
Han Lars i Lia

Litteratur

Eksterne lenker