Bøgata (Bø i Telemark)

Sideversjon per 30. des. 2018 kl. 18:15 av Rool (samtale | bidrag)

{{thumb|Bø, Bøgata-2.jpg|Bøgata i sentrum sett vestover frå Midtbygdakrysset.|[[Roy Olsen]|2016}}

Bøgata i sentrum sett vestover.
Foto: Roy Olsen (2016).
Bøgata aust for sentrum.
Foto: Roy Olsen (2017).

Bøgata i sentrum går østover frå Seljordvegen i krysset med Frivollvegen til Gvarvvegen i krysset med Valenvegen.

Gata har namn etter staden, er omlag 1,4 km lang og er ein del av Rv 36. I 1990 fekk Midtbygdakrysset rundkjøyring.

Da vegen gjennom noverande sentrum var ferdig i 1892, var einaste bustadene dei to Skogenplassane. Men snart tok dei til å leggje ut til tomter i området på sørsida av vegen, i den gamle Åsmundskogen. Fyrst den øvre delen – det var Frøyatun, Solvang (Bø meieri), Flatmo, Gimle (tidlegare Bø Landmannsforretning), Skogheim (skyss-stasjon) og Ytterbø.

Eigedomar i Bøgata

Nr. Bilde Om eigedomen
1
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/250, «Kirkelund», tidlegare tomt 63 u. Prestegarden.

Rolf Strandberg bygde huset her ved Presteevjo i 1948 då Bø steinhoggeri blei flytt hit. Bedriften blei nedlagt i 1978.
Den gamle kyrkjevegen, eller «Prestevegen» som den blei kalla, gjekk opp her ved sida av huset.

2
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/245.
3
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/294.
4-10
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/226, «Liabygget».
7
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/40, «Soar».

Bø pinsemenighet.

11
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/15, «Tonar», «Frægdar»?.

Sameige Bøgata 11. Pizzafjoset.

14
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/1/51.
15
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/46, «Frøydar».

Bø gullsmedforretning.

16
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/318.
19
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/13, «Frøyatun». Utskilt 1896 frå Prestegarden.
20
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/317.
22
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/316.
27
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/12, «Solvang». Utskilt 1900 frå Prestegarden, bnr. 1.

Tomta til Bø meieri blei skild frå Prestegarden i 1900. Meieriets fyrste bygning frå 1895 brann i 1901, og ny bygning straks sett opp. Drifta blei nedlagd 17. februar 1979 og eigedomen selt.

28
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/308 (tidlegare 53/1/30).

Fargerike. Opprinnelig Bø samvirkelag.
Telemark distriktshøgskule hadde noko undervisning og auditorium i underetasjen på 1980-talet.

29 A-I
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/254, «Gimletunet».
29 J
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/144, «Flatmo». Utskilt frå bnr. 10 i 1896.

Kittil Olavsson kjøpte tomta og sette opp huset som eit av dei fyrste i Bø-byen. Han blei maskinist ved meieriet.
Huset er i nyare tid også kjend som «Bluesbakken».

30
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/1/24.

Starta opp i 1958. Olav Østbø flytta bensinsalet hit frå Mil Auto på den andre sida av gata. Fyrst var dette ein BP-stasjon, seinare Norol. I 1991 skifta alle selskapets stasjoner namn til Statoil. I 2016 blei den omgjort til Circle K-stasjon.

31
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/17, «Gimle».

Bygningen blei truleg sett opp i 1896–97 av byggmeister Halvor Stadskleiv og husa Bø handelsforening, kalt «Kaksebua» på bygda. Dette var eit av dei fyrste husa i Bø-byen.I 1931 kjøpte Rollef og Kittil Flathus frå Nordagutu forretningen som no fekk namnet Bø Landmannsforretning. Til dagleg kalla «Landmann'».

32
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/196, «Napastågården». Utskilt 1990 frå Prestegarden. Tidl. festetomt nr. 25.

Kontor- og forretningsbygg

33
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/11, «Ytterbø». Utskilt 1896 frå bnr. 10, «Skogheim». Dette er det eldste huset i Bøgata.

Huset blei bygd som stugubygning på Veirud for Frederikke Rye i slutten av 1830-åra. Etter henne overtok Bodil Evensen huset og dreiv truleg handel der. Kring 1870 kjøpte ho garden Espedalen av Knut Aslaksson, flytta huset dit og dreiv butikk i bygningen ei tid. Ho selde garden til Kittil Haugerud og huset blei flytt til Gunvorskås ved Hågåbergja på Langkåshaugen. «Bø Forbruksforening» heldt til her til forretningen gjekk konkurs i 1891. «Gunnar S. Bø & Co» dreiv forretningen på Langkåshaugen fram til 1896. Da blei firmaet oppløst og bygningen flytt ned til Ytterbø, der han står i dag, av brørne Gunnar Bø og Gjert Kåsa. Desse dreiv butikk der fram til Augund Lovald kjøpte den i 1907. Han dreiv den til sin død i 1914. Lovald sette opp bustadhus på eigedomen (seinare utskildt som gnr. 53/23 «Huseby»). Halvard Nordbø var eigar frå 1915, og han dreiv handel her eit par år. Dyrlege Ole J. Løken kjøpte eigedomen i 1917, og det var han som skilde frå Huseby, der han budde. Om lag samtidig selde han Ytterbø til kommunen, og Bø Provianteringsråd nytta huset til varelager frå 1917 til 1918. Løken kjøpte huset tilbake i 1918, og Midtbygda Handelslag leigde butikklokalet i fem år før dei flytta til Frøyatun. I 1926 kjøpte Olav Østbø eigedomane Huseby og Ytterbø og dreiv butikken fram til 1939, ved sida hadde han og bensinsal. Frå våren 1941 og eit år framover leigde Arne Pettersen huset der han starta opp «Bø Papirhandel og Trykkeri», (seinare Bø Papir og Trykk). I løpet av 1940–42 sette Østbø opp tilbygget bak butikken saman med Hans Glenna, og dei opna bilverkstaden og bensinstasjonen «Mil Auto» i 1942. Glenna slutta etter to år, og Olav Østbø fortsette aleine. I 15 år dreiv han Mil Auto på Ytterbø, da flytta han bensinstasjonen over på den andre sida av gata. Etter dette leigde Halvor Kleiva og Halvor Moland verkstaden i ein del år fram til dei sette opp egne bilverkstader nede i Langkåsbyen. Moland bygde Bø Auto i 1959 og Kleiva Kleiva Auto i 1962. Sidan blei huset på Ytterbø nytta mest som lager, mens verkstaddelen blei gjort om til produksjonslokale for «Bø markiseindustri» som heldt til her i mange år.

34/36
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/185, «Sønstebøtunet». Utskilt 1989 frå Prestegarden. Tidl. festetomt nr. 22.

Det gamle huset, nr. 34 blei rive i samband med ombygginga til kjøpesenter.

35
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/23, «Huseby». Utskilt 1917 fra bnr. 11, «Ytterbø». BR>

Huset sett opp i 1910 av snikkarbrørne Gunnulv, Knut og Olav Forberg for Augund Lovald, eigaren av Ytterbø. Tomta blei skilt ut frå Ytterbø i 1917 av eigar frå same år, dyrlege Ole J. Løken. Han budde i huset.

40
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/219.

Tidlegare Bø steintøy og parfymeri a/s. På folkemunne kalt «Jålekåsa».

41
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/10, «Skogheim». Utskilt 1896 frå bnr. 1, Prestegarden.

Gunnar Kleppen (1875–1956) kjøpte ca. 10 da av Prestegarden i 1896, og Halvor Stadskleiv sette opp huset som eit av dei fyrste i Bø-byen. Her dreiv Gunnar og mor hans, Kari, skysstasjon fram til 1930.

44
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/194. Tidl. festetomt nr. 68 u. Prestegarden, utskilt 1990.
46 Gnr. 53/183, utskilt 1989 frå Prestegarden. Tidl. festetomt nr. 19.

Bustadhus rive ein gong etter 1990. Eigedomen er no del av parkeringsplass.

49
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/95, «Banken».

Telemarksbanken sette opp bygget og opna si Bø-avdeling her i 1962.

51
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/89, «Hagen».

Forretningsbygg. Urmakar Knut Skrede frå Dalen sette opp huset på tomt utskilt frå Skogen og opna butikken i 1962.

52
 
Foto: Roy Olsen (2016)
Gnr. 53/182, «Sandakergården», utskilt 1989 frå Prestegarden. Tidl. festetomt nr. 18.
53, 55
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/319, «Sameiet Skogenkvartalet».

Her låg den vestre Skogen-garden, den siste av dei to opphavlege gardane i det området som skulle bli Bøbyen. Skogen gard blei rive i 2015.

54
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/248.

Tollef Vreim bygde forretningsgården og opna «T. Vreims Matsenter» i 1958.
Seinare verksemd i bygget: MIX, Bø storkiosk og video og Peer Gynt-kiosken.

56-58
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/184.

Sameiget Hellandgården.

61
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/81, «Skogen».

Bø Vertshus. Næringsbygg for kafédrift og overnatting.

62
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/302. (Tidlegare festenr. 14.)

Einebustad med verkstadsbygning. Bø snikkarverkstad heldt til her.

65
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/45, «Soltun».

Tidlegare brannstasjon. Brannstasjonen flytte til Napastaa i Langkåsbyen i 1994.

66
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/1/15.

Oppført ca. 2006 etter at Kincks hus brant 7. februar 2005.

67
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/45, «Soltun».

Bø kommunehus, «Heradshuset». Tomta blei skilt frå austre og vestre Skogen i 1951, med omlag halvparten frå kvar av desse eigedomane. Arkitektane Gulla og Kjell Karsten fekk oppdraget med å teikne huset, og under leiing av byggmeister Olav H. Stadskleiv starta bygningsarbeidet med Harald Jensen som bygningsformann i 1956. I 1957 sto huset ferdig med ei grunnflate på 250 m² i to høgder, og hadde da kosta om lag 800 000 kroner.
Bø sparebank leigde lokaler her fram til dei flytte inn i eige hus i 1965.

69
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/101, «Bankplassen».

Bø sparebank, Bø blad, Bø bibliotek.

70
 
Foto: Roy Olsen (2017)

 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/218 (tidlegare 53/1/30), «Solheim».

Felemakar Gunnar Helland (1852–1938) feste tomta og sette opp huset fyrst i 1920-åra.
Halvor Skobba kjøpte huset i 1938 og dreiv slakteri og butikk i et bygg han sette opp på tomta. I 1954 bygde han eit heilt nytt forretningsbygg i mur med rom for slakteriet. Halvor og Tone Skobba stengde slaktarbutikken 31. desember 1970, og bygningane blei leigd bort.
Frå april 1995, Restaurant Den gode nabo.

På ettermiddagen 9. mars 2018 blei det gamle Hellandhuset totalskadd av brann. Brannen var påsett og ugjerningsmannen blei arrestert mens det framleis var fyr i huset.

74
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/1/3, «Nybø».

Advokat Johan Sigmundstad kjøpte huset i 1932 og utvida med eit tilbygg. Han var det fyrste advokaten med fast praksis i Bø.

75 Gnr. 53/87, «Skogen».
76
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/1/70.

Gullsmed Toralv Besteland kjøpte tomt av advokat Sigmundstad og sette opp huset i 1961–62 med forretningslokaler og verkstad i fyrste høgda.

78
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 47/116, «Finnstad».
79
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/30, «Midtgard».

Esso bensinstasjon. Sentrum service.
I 1939 bygde Norske Esso bensinstasjonen her og Olav Bakken var styrar.

83
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/291.

Bakar Peder Olsen frå Tvedestrand sette opp huset kring 1930. Han bygde og bakeri som han dreiv til 1956, da overtok sonen Olav Bratlans som heldt på til 1969. Dei dreiv også Olsens kafé i mange år. Etter desse dreiv bakar Johs. Soterud frå Gvarv «Kafehjørnet».

85
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Same eigedom som nr. 83.
87
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/240, «Fagerheim».

Halvor Langkå sette opp «Fagerheim Hotell» i 1924. Etter nokre år blei namnet endra til «Fagerheim Hospits». I 1978 var det slutt på Fagerheim som overnattingsstad, og Telemark Distriktshøgskule leigde huset nokre år til kontorer og velferdslokale for studentane. Etter det har det vore kinarestaurant i bygget.

89
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/1/7.

Gunhild Bø Opheim sette opp forretningsbygget i 1922. Her dreiv ho butikk med damekonfeksjon og systove. Kring 1965 blei butikken lagd ned og huset blei ei tid leigd bort til handelsskulen.

105 Gnr. 53/220.

Einebustad rive kring 2010.

110
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 47/52, «Opptun».

Bustadhus.

111
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 47/81.

Bø Auto, bilverkstad.

119
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 47/46, «Launes».

Bustadhus.

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band I. Bø kommune 1982.
  • Sætherskar, Johs. (red.): Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen 1949.
  • Kvaalen, Olav: Bø i Telemark, Jubileumsskrift Bø Papir og Trykk 1941–1981.
  • Arkivverket, Digitalarkivet.


Koordinater: 59.41518° N 9.05605° Ø