Betel (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Betel på illustrasjon henta fra boka "Fyresdal" av Taraldlien, Bendik og utgitt av Cammermeyer (Kristiania, 1910)
Foto: Ukjend / "Fyresdal" skannet side nr. 121. nb.no
Nasjonalbiblioteket

Betel Gnr. 37/5. Fnr.6 er Skippergata 8 i Folkestadbyen i Fyresdal kommune. Tomta er ei festetomt gått ut frå Gnr. 37 Århus. Bygningen vart bygd i 1890. Det var den frikyrkjelege rørsla Misjonsforeininga som var byggherre og som nytta bygget til bedehus. Betel var eit midtpunkt i Folkestadbyen i mange år, og huset vart nytta til møte og samlingar av mange slag.

I mars 1890 hadde det blitt sendt ut ei innbjoding om å få bygd eit bedehus i kyrkjebygda, då hausten kom stod huset ferdig og vart innvigd 9. november 1890, det fekk namnet Betel. Det var då mange tilreisande frå Nissedal, Vegårdshei, Vrådal og Kviteseid. Bendik Taraldlien skriv i 1909 at bedehuset Betel er eit stort og gildt hus, måla ute og inne, seinare bygd til, og hadde kosta omkring kr. 5000,00. Ved større og mindre tilskot var det heilt betala.

Det var ei langstrakt tømmerkasse med lengderetning aust – vest og med tre rom. Mot tunet var to mest like store rom, det mot syd var gang, frå denne var det trapp opp til eit galleri. Det andre romet var eit møterom, det var «Raudsalen» etter fargen det hadde, eller Veslesalen. Det hadde dør frå gangen og til sjølve salen. Denne var stor og hadde ei høg og kvelva himling, og berande konstruksjonar var mykje forseggjorde. Dei to roma hadde flatt tak og oppå desse var der eit stort galleri med opning ut mot storsalen, i vestre ende av denne var der eit podium. Do var det i eine delen av uthuset til naboen, eigen seksjon med dørar frå tunet til Betel. Der var og eit enkelt uthus berekna serleg på ved, dette ligg mot Skippergata. Den mindre salen vart nytta til diverse aktivitet som ikkje kravde bruk av den store og kalde salen, men etter kvart vart det bruk for meir plass.

Utbetringar og tilbygg

Mot vest vart det bygd til eit rom i full breidde, dette i reisverk, og med ei brei døropning mot podiet i salen. Mot syd var det ei dør ut og mot nord vart det bygd til eit enkelt tilbygg i reisverk som var kjøkken. Der var ein stor vedkomfyr, men romet var så lite at då Fyresdal Kristelege Ungdomsforeining kjøpte inn eit fullstendig kaffi- og middagsservice frå Porsgrund Porselen til 80 personar, var det ikkje skåpplass til dette og det måtte lagrast i kasser. (Serviset har gullkant og innskrift FKU og er framleis i bruk i 2018.) Salen var som nemnd kald. Under golvet vart det lagt isolasjon, veggane vart kledd med plater, himlingen vart senka og fekk eit flatt tak med plater som materiale, denne vinkla då med veggane. Galleriet fekk ein likedan platekledd dekkande vegg mot salen. Trappa i gangen vart teke vekk, i staden vart det ei «loftstrapp». I gangen vart det laga til to små rom med vassklosett då trappa kom vekk. Den minste salen ved sidan av gangen vart dela i to der den eine vart kjøkken og den andre garderobe. Det på bygde kjøkkenet vart rive. Med dette var det blitt eit betre fungerande bygg slik ein såg det den tid, men mykje av den gamle atmosfæren var vekk. Tidlegare var bedehuset nytta ein del til samvær etter gravferder, og der var mykje møteverksemd av ulik slag, men alt slikt vart det etter kvart mindre av. Då det var aktuelt med barnehage tok det litt tid før kommunen starta opp, og då skipa menigheten til ein barnehage på Betel som var i full drift til kommunen bygde eige hus til dette nær skulen. Med mindre og mindre bruk av eit hus som kravde meir og meir av vedlikehald av ei gruppe personar som det etter kvart vart færre av, kom styret i Fyresdal Normisjon fram til at no var tida komen for avvikling. Dette var sjølvsagt litt sårt, men så var det slik at kyrkja i Fyresdal trong eit møtelokale til diverse bruk og kunne tenke seg å drive Betel vidare. Alle var vel nøgde med det og 1. januar 2012 tok soknerådet i Fyresdal over bedehuset Betel vederlagsfritt. Eit noko forfalle bedehus var kome i dei beste hender, ikkje minst misjonsfolket var takksame for ei god avslutning på ein ærerik periode.

Betel som soknehus

Det vart no etter kvart utførd diverse meir eller mindre krevjande utbetringar det vere seg av kompetente arbeidsfolk eller økonomi. Kyrkja var så heldig å ha ein sers dugande kyrkjetenar som med støtte frå kyrkja og frå ulike folk i miljøet fekk gjort eit imponerande arbeid. Alle vindaugo er originale, dei vart teke ned, restaurera, kitta og satt opp att slik at dei vil fungere fullgodt lang tid framover. Alt i salen vart måla på nytt. Då Moland kyrkje fekk ny lysarmatur i 1962 vart dei gamle lysekronene og lampettane i tre lagra diverse stader. Dei var skore ut av Bendik G. Veum (1887-1958), og desse vart montert i salen med sers godt resultat. Den mindre salen vart grundig rehabilitera/restaurert. I eit tilbygg til gangen mot syd vart det plass til to toalett, det eine HC, og vaskerom. Gangen vart då frigjort til gamal storleik, med varmekablar i golv og tømmerveggar som før, alt nymåla, gjev den eit sers godt fyrsteinntrykk. Heile romet mot nord vart innreidd til eit moderne kjøkken som tilfredsstillar diverse krav til aktuell bruk. Heile bygningen vart måla utvendig etter nødvendige reparasjonar, og det vart lagt nytt tak. Uthuset måla med nytt tak og stakittgjerde delvis kring uteområdet.

Betel er i 2018 eit sers godt fungerande soknehus der alt viktig frå bedehustida er teke vare på under arbeidet med rehabiliteringa og det vert meir og meir nytta til variera møteverksemd, kurs, minnesamvær, konfirmasjonar, barnedåp og liknande. Ein draum er nok å få avdekka veggane og kvelven i taket i salen, det gjeng greitt å isolere mellom himling og sjølve taket, og å få frigjort galleriet att, men noko må ein vel ha å sjå fram til og!


Betel på fotografi frå 2011.
Foto: Olav Momrak-Haugan.

Kjelder og utdjupande lesnad

  • Vest-Telemark Museum.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards-og ættesoge. Bind II. Fyresdal kommune 1992
  • Kyrkjene i Fyresdal. Fyresdal Sokneråd 2013.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal med bilæte. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania 1910
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal med bilæte. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo 1949
  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag. s. 11,14
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 2009. s. 5,33
  • Rettingar til utgåva 2009 - i artikkelen om Folkestadbyen. "Sjå deg attyvi" 2010. Fyresdal Sogelag. s. 86