Dovre folkehøgskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Dovre folkehøgskule var i verksemd på Dovre frå hausten 1915 til våren 1918, dvs. i tre skuleår. Skulen var ein direkte oppfølgjar av ein tilsvarande grundtvigiansk folkehøgskule i Gausdal 1913-1915. Etter tida på Dovre vart det eit framhald i Sel 1918-1922. Den sistnemnde blir også gjerne omtala under nemninga Dovre folkehøgskule.

To generasjonar norskdomsrørsle

Skulen var særmerkt av dei kjende kulturpersonlegdomane som var lærarar der og/eller som støtta opp om han på anna vis. Miljøet som utvikla seg der, kan seiast å ha vore eit møte mellom på den eine sida det grundtvigianske norskdomsmiljøet som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av, og på den andre sida den spirande antroposofiske rørsla i Noreg fyrst på 1900-talet. Den eldre norskdomsrørsla var direkte representert ved Andreas Austlid. Fremst i den nye generasjonen stod diktaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad. Dei to var nære vener, tremenningar og svograr frå det ein med god rett kan kalle eit norskdomsdynasti i dalen, familiane Blekastad, Ofigsbø og Aukrust. Både Olav Aukrust og Hallvard Blekastad vart sterkt inspirerte av antroposofien. Ein annan markant personlegdom ved skulen var forfattaren Ingeborg Møller, som var ein sentral pioner for den antroposofiske rørsla her til lands. Forretningsmannen og mesénen Einar Lunde, som bygde opp det antroposofiske miljøet på Lillehammer, støtta opp om tiltaket. Hovudæra for at skulen kom til Dovre, hadde ordføraren der, Bjørner Vigerust. Det kan gje eit frampeik mot ein avart av den gudbrandsdalske norskdomsrørsla. Vigerust var alt frå 1933 ein sentral person i det etter måten sterke NS-miljøet på Dovre.

Oppstarten

Skulen på Dovre hadde eit toårig forspel i Gausdal. På initiativ av mellom andre Ivar Blekastad (far til Hallvard) var det på nytt kome i gang folkehøgskule der hausten 1913. Det var Christopher Bruuns Vonheim som skulle få nytt liv. Austlid var styrar og Olav Aukrust blant lærarane der. Av ymse grunnar gjekk ikkje dette, og skulen såg ut til å måtte leggjast ned etter to vintrars undervisning. Da tok ordføraren på Dovre tak i saka og inviterte skulen dit. Det var Bjørner Vigerust, ivrig norskdommann som den gongen representerte Venstre, og som sjølv hadde bakgrunn frå Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord.

Økonomien og det praktiske med flyttinga til Dovre vart ordna over sommaren 1915. Dovre kommunestyre lova 1000 kroner årleg til skulen, og hjelpte til med husvære. Det vart i byrjinga kommunehuset Båtsto, der også Hjerleidske husflidsskule hadde lokale. Støtta frå kommunen gjorde sitt til å utløyse fylkes- og statstilskot.

Det melde seg om lag 60 elevar, og skulen kom i gang i oktober 1915. Aukrust var styrar. Som lærarar var i tillegg til styraren tilsett Ola Vigerust, Kristian Aasmundstad og Juline Stigen. Astronomen og læraren Sigurd Einbu og ditsriktslege Bidenkap var timelærarar.

Det var stor stas ved opningseremonien med mellom andre diktarpresten og målmannen Ivar Mortensson Egnund, skuledirektør Eftestøl til stades.