Esefjorden krins: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(mellomtittel fotnotar)
Linje 37: Linje 37:
===Digitale kjelder===
===Digitale kjelder===
===Ikkje-prenta kjelder===
===Ikkje-prenta kjelder===
Munnlege kjelder frå grunneigar av det som var skuletomta.


Munnlege kilder frå Gunnvor Høydal
* Munnlege kjelder frå grunneigar av det som var skuletomta.
* Munnlege kilder frå Gunnvor Høydal


[[Kategori:Sogndal kommune]]
[[Kategori:Sogndal kommune]]

Sideversjonen fra 14. sep. 2022 kl. 13:49

Skulen sto nett der vegen går i dag. Muren oppe til høgre i biletet er gamlevegen som gjekk frå hovudvegen over og ned til skulehuset og nausta som høyrde til.

Esefjorden krins var ein skulekrins i Balestrand kommune i Sogn.

Skulehus

Skulehuset låg mellom gardane Grøneng og Nesheim på nordsida av Esefjorden i Balestrand. Skulehuset vart rive på 60-talet då den nye vegen langs fjorden vart bygd. Skulehuset hadde plass til 24 born i klasserommet. Huset hadde også eit «aftrædelsesværelse».

Skulehuset på Grøneng bestod av eit klasserom. For varme hadde dei ein stor vedkomfyr og dei hadde innlagt vatn. Dei hadde ogso ein lekeplass og utedo på skuleplassen. Rundt juletidar blei det arrangert juletrefest. I klasserommet vart det både en- og tomannspulter.

Skuledagen

Skulen starta 9 om morgnenen og dei gjekk på skulen annakvar dag. I friminuttane var da mykkje leik, og det skal ogso ha vert lite mobbing. Foreldre var ikkje aktive i skulegangen, og ofte følgte dei ikkje barna til skulen i 1.klasse heller. Kvar morgen begynte med salmevers som man måtte pugge. Man måtte ta med seg mat heimefrå. For eksamen kunne dei blandt anna ha norsk og regning. Man kunne ogso ha muntleg eksamen. Dei hadde ogso innleveringar man måtte ta med heimefrå, skrevet med skjønnskrift. Dei hadde utstyr som blyanter og passare.

Skulevegen

Fleire elevar kom frå andre sida av fjorden. Det vert fortald at mot slutten av skuledrifta, på tidleg 60-tal, tok læraren, som budde i Balestrand, med seg elevar som ikkje sokna til Esefjorden over i robåt då han reiste på arbeid. Dette for å halde elevtalet oppe og skulen i drift.

Gunnvor Høydal forteller at skulevegen var på ca 1 kilometer, men ogso at det var andre elevar som måtte gå lengre.

Læraren på tidleg 60-tal hadde naust der dei nye, raude nausta står. Han skal ha rodd over og teke elevar med seg for å halde liv i Esefjorden skule.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Øvrebø[1] A.P. 1842 Esefjorden krins 1864 1888 Seminar på Stord Kyrkjesongar

Foto

Fotnotar

  1. Dagbok for Esefjorden krins 1882-1905

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Munnlege kjelder frå grunneigar av det som var skuletomta.
  • Munnlege kilder frå Gunnvor Høydal


Koordinater: 61.21535° N 6.49449° Ø