Evang

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. des. 2009 kl. 12:12 av Kallrustad (samtale | bidrag) (korr.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Evang
Først nevnt: 1520
Sted: Lena/Lillo
Fylke: Oppland
Kommune: Østre Toten
Gnr.: 181 og 182
Adresse: Evangsgutua
Postnummer: 2850

Evang er ein namnegard i Østre Toten kommune. Garden har sidan 1893 vori delt i to bruk, Øvre og Nedre Evang, som nokonlunde tilsvarar matrikkelgardane 181 og 182 (kalt Austgarden og Vestgarden). Frå 1730 til 1843 var det faktisk fire Evangsgardar. Garden ligg i sørhelling, og det gamle tunområdet ligg ca 255 m.o.h. Her er det ei sikker og god grunnvasskjelde. Terrenget er småkupert, moreneryggar med myrdrag innimellom. Berggrunnen er leirskifer og kalkstein frå kambrium og silur. Vanlege fossilfunn: trilobittar og ortocer. Båe dei nåverande Evangsgardane ligg i Evangsgutua, som dei og har gitt namn til.

Evang er etter Norske Gaardnavne nemnd fyrste gong i skriftlege kjelder i 1520. Alt da var det to gardar, båe krongods. I 1528 betalde "Gudmund Twang" og "Oluff Twang" i "Hoff soghen" gjengjerden. 10 april 1687 brann husa på båe gardane, 11 hus gjekk med på Vestgarden, 6 hus på Austgarden. Oppsitjarane kjøpte gardane 1706.

På 1730-talet vart båe gardane delte i to, slik at det vart fire gardar. Austgarden vart delt i Oppistuggua og Nistuggua. Nistuggua må ha vorti bygd opp av nytt rett austafor og nedanfor det gamle tunet. Dei to gardane var omtrent jamstore. Vestgarden vart òg delt i to. I 1842 vart ein del av Øvre Vestgarden lagt til Nedre Vestgarden, og i 1843 vart resten av Øvre Vestgarden seld til Sundbrørne på Rånåby. Sist på 1800-talet vart Nedre Vestgarden kalt Vestgarden og Øvre Vestgarden kalt Rånåby-Evang. På 1860-talet vart husa på Vestgarden flytte ut av det gamle tunet. Nytt gardstun vart bygd opp omtrent 1 kilometer lengre sør. Det vart lagt vassledning (postrøyr) frå brynnane ved det gamle tunet ned til det nye tunet.

Omkring 1880 vart dei to Austgardsgardane, Oppistuggua og Nistuggua, slegne saman. Brukaren budde i Nistugua. Rundt 1880 vart det bygd nye uthus i Nistuggua. Tidlegare låg uthusa nord for bygningen, dei nye uthusa vart bygde sør for bygningen. Dermed kom tunet i Nistugun lengre ned og lengre unna det gamle Evangstunet. Bygningen i Oppistuggua vart flytta opp i Lillo og vart ny forretningsgard der. I 1893 vart Rånåby-Evang lagt innåt Austgarden. Etter 1893 har det vori to Evangsgardar. Ingen av gardane ligg i det gamle tunet. Austgarden (i dag Øvre Evang) ligg i utkanten av tunområdet, medan Vestgarden (i dag Nedre Evang) ligg omtrent 1 kilometer sør for det gamle tunet. Sist på 1960-talet vart det gamle tunområdet lagt ut til bustadfelt.

Gardsnamnet

Etter Norske Gaardnavne het Evang i norrøn tid Ævangr. Dette er "vel d. s. s. áivangr m., Hvileplads, hvor man paa Reise lader Hestene beite." Bygdenavnet Evanger i Voss kommune har same tyding.

Husmannsplassar

Kjelder

  • Folketellinga i 1875 for Østre Toten
  • [Norske Gaardnavne
  • Opplysningar frå Olaf Nøkleby 2009