Fjord kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fjord kommuneSunnmøre vert etablert 1. januar 2020, når kommunane Stordal og Norddal slår seg samen. Samanslåinga, som vart vedteke i 2017, er ein del av Solberg-regjeringa si kommunereform. Den nye kommunen får om lag 2600 innbyggjarar.

Etter samanslåingsvedtaket vart det utgreidd to moglege grensejusteringar mellom Stranda og nye Fjord kommune. Dette gjaldt Liabygda i Stranda og bygdene Norddal og Norddal i Norddal. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedtok i 2018 at grensene ikkje skal endrast.

Norddal og Stordal var samde om namnet på den nye kommunen skulle vere Fjord. Språkrådet var kritisk, av di dette var eit ikkje-eksisterende namn i nokon av kommunane. Departementet meinte allikevel at dei lokale ønskja skulle vege tyngst, og godkjende difor vedtaket.

Kjelder og litteratur