Fjordenes amtsskole

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. mar. 2013 kl. 15:57 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Fjordenes amtsskole''' (''Fjordane fylkesskule'')) kom i gang i Gloppen i Sogn og Fjordane i 1876. ==Amtsskuleordninga i Nordre Bergenhus== Stortinget hadde sommaren 187...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fjordenes amtsskole (Fjordane fylkesskule)) kom i gang i Gloppen i Sogn og Fjordane i 1876.

Amtsskuleordninga i Nordre Bergenhus

Stortinget hadde sommaren 1875 vedteke ei amtsskuleordning med statstilskot. Nordre Bergenhus amt sette same året ned to amtsskulekommisjonar, ein for Sogn og ein for Fjordane. I Sogn fekk Sogndal folkehøgskule status og tilskot som amtsskule medan kommisjonen for Fjordane måtte ta stilling til lokaliseringa. Valet stod mellom Kinn i Sunnfjord og Eid, Stryn og Gloppen i Nordfjord.

Amtsskulen i Gloppen og Innvik 1876-1891

Valet fall på Gloppen der kommunen tilbaud gratis husrom, lys og ved. Skulen vart lagt til ei stove på garden Apalset.

Den heimkomne bondestudenten Jakob Hjelmeset hadde halde ein radikal friskule (folkehøgskule) for bondegutar 1875-76, og han søkte både styrar- og lærarpostane utan å få dei. I formannskapet hadde Gudmund Hjelmeset kome med framlegget om at Gloppen skulle støtte amtsskulen økonomisk, og han vona nok at Jakob Hjelmeset kunne få arbeid ved skulen. I staden lyt amtsskuleskipinga sjåast som eit mottrekk til Hjelmesets radikalisme.

Den teologiske kandidaten Oscar Schjøtt Revers vart i 1876 den fyrste styraren for amtsskulen medan seminaristen Elias Melvær vart tilsett som andrelærar.

Mjelvær var politisk radikal og målmann, og det vart utover i 1880-åra ein strid mellom kommunen og Mjelvær som ville drive tilby elevar frivillig landsmålsopplæring på fritida. Det enda med at kommunestyret i 1886 trekte tilbake støtta til skulen (hus, lys og ved). Etter dette måtte amtsskulen flytte frå heradet, og frå 1886 til 1891 var skulen i Innvik.

I alt 780 elevar gjekk ved skulen 1876-91, 570 gutar og 210 jenter.

Styrarar:

Andrelærar var heile tida Elias Melvær.

Sunnfjord amtsskule i Florø og Førde 1877-1891

Alt året etter at skulen i Gloppen kom i gang, vedtok amtsskulekommisjonen for Fjordane å setje i gang ein eigen amtsskule for Sunnfjord i Florø. Han flytte i 1886 til Førde og var der til 1891.

I alt 626 elevar gjekk ved skulen, 474 gutar og 152 jenter.

Styrarar:

Andrelærar var E. M. hole.

Felles amtsskule frå 1891

Amtsskulen for Sunnfjord i Førde vart lagt ned i 1891, og etter dette var det igjen ein felles Fjordenes amtsskole. Fyrste året var skulen i Innvik der amtsskulen for Nordfjord låg, men i 1892 flytte skulen til Florø i Sunnfjord.

I 1900 vedtok amtstinget ein ny skuleplan der teoretiske jordbruksfag og sløyd kom inn for gutane medan jentene fekk undervisning i husstell og matlaging. Dei særskilte jentekursa vart no avskaffa, og i staden vart det fellesundervisning for gutar og jenter.

Same året flytte skulen til Nordfjordeid. Der kommunen hadde bygt nytt kommunelokale. Her var det plass til skulen, og kommunen bar òg utgiftene til lys, oppvarming og reinhald.

Då skulen flytte til Eid, slutta den markante andrelæraren gjennom 24 år, Elias Melvær. Men to år før Melvær slutta, hadde skulen fått ein ihuga målmann og radikal venstremann, Haakon Aasvejen som styrar. Han var òg den fyrste amtsskulestyraren i Nordre Bergenhus utan teologisk embetseksamen.

Med omdøypinga frå fylke til amt vart skulen kalla Fjordane fylkesskule. I 1920-åra vart det bygt eit nytt skulehus på Tingvoll på Myklebust, på folkemunne kalla Knoken. Her vart det bygt eit elevinternat i 1950-åra.

Styrarar:

Elias Melvær frå amtsskulen i Nordfjord heldt fram som andrelærar medan andrelæraren frå amtsskulen i Sunnfjord, E. M. Hole, vart tredjelærar på den samanslegne skulen.

Fjordane folkehøgskule

Då fylkesskuleordninga vart lagt ned, vart skulen ført vidare som Fjordane folkehøgskule. Det gamle skulehuset frå 1920-åra brann i 1972, og eit nybygg for skulen stod klart på Myklebust året etter.

Kjelder og litteratur

  • Aasvejen, Haakon, og Rasmus Stauri. (1914). Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914. Kristiania: Kyrkjedepartementet, s. 43-44. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Aaland, Jacob. (1943). Gloppen-Breimn kommunesoga. 1838-1937. Sandane, s. 155-157. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Engesæter, Aage og Johs B. Thue: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. Samlaget. Oslo 1988, s. 84-86.