Haakon Aasvejen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Haakon Aasvejen

Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag.

Skulemann 1882-96

Aasvejen gjekk Klæbu seminar (eksamen 1882) og levde deretter eit omflakkande liv som lærar. Han var lærar på Torps privatskule på Elverum 1882-83 og i Stjørdal 1883-87. I 1887 skipa han Hornindalens friskole etter at bygdefolket var sterkt misnøgde med ei lærartilsetjing i den offentlege skulen. Her kom han i ein kvass skulestrid med sokneprest Fredrik Riis Krogh og delar av bygda.

Friskulen i Hornindal fekk økonomiske problem, og i september 1890 søkte Aasvejen seg vekk frå skulen. Han vart no skulestyrar (og einaste tilsette) ved Vestre Nedenes amtsskole. Der var han i to år før han på nytt vart lærar i Stjørdal og var der til 1896.

Politikar, redaktør og skulestyrar 1896-1917

Våren 1896 vart Aasvejen engasjert av Norges Venstreforening som sekretær, og på dei drygt to åra han arbeidde, nytta han mykje tid på organiserings- og agitasjonsferder, særleg fram mot stortingsvalet i 1897. Han skulle mellom anna ta seg av ungdomslaga på vegner av Venstre og var i 1897–98 ein gjengangar på ungdomslagsmøte kring i landet.

Våren 1898 vart han redaktør for venstreavisa Fredrikssten i Halden, men hadde stillinga berre eit halvt år. Hausten 1898 fekk han posten som styrar for Fjordenes amtsskole i Florø, og no flytte han vestover for godt. Han vart dermed den fyrste amtsskulestyraren i Nordre Bergenhus som var seminarist, ikkje teolog.

Aasvejen vart med då amtsskulen flytte til Eid hausten 1900, og same hausten vart han redaktør for venstreavisa Fjordenes blad som hadde kome ut på Eid sidan 1874. Aasvejen var redaktør og skulestyrar til hausten 1917. Han fekk då ei stilling som tilsynsmann for amtsskulane som han hadde til han døydde to år seinare.

Mål- og ungdomslagsarbeid

I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter.

Aasvejen var formann i Firda ungdomslag 1901-02 og 1903-04. I 1901 vart han vald til formann i Noregs Ungdomslag, utan å vere til stades, men tok ikkje imot valet. Han var ein markant republikanar og motstandar av Karlstadforliket sommaren og hausten 1905.

Frå 1915 til 1916 var han formann i Nordfjord sogelag.[1]

Familie

Aasvejen gifte seg på Eid 30.6.1890 med Synnøve Karoline Marie Johnsdotter (1860-1931). Ho kom frå Indre Skårhaug sentralt i Eid og var dotter av gardbrukar og dampskipsekspeditør John Wernersen og Ragnhild Johannesdotter. Dei fekk seks born mellom 1891 og 1900.

Aasvejen var knapt 57 år gamal då han døydde 6. oktober 1919. Han er gravlagd på kyrkjegarden i Eid der elevar og lærarar ved amtsskulen fekk sett opp ei minnestøtte på grava året etter at han døydde.

Kjelder og litteratur

Referansar

  1. Opplysningar frå Nordfjord sogelag (2019).

Eksterne lenkjer