Forsand kommune

Forsand kommune er ein kommune i Rogaland, som grensar til Hjelmeland, Strand, Sandnes, Gjesdal, Bykle og Sirdal. Administrasjonssenteret er Forsand, som er einaste tettstad.

Forsand
1129 Forsand komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1129
Fylke Rogaland
Kommunesenter Forsand
Areal 780.05  km²
Areal land 701.84  km²
Areal vann 78.21  km²
Folketall 1 246 (2018)
Fradeling(er) 1965: Delar av kommunen overført til Gjesdal
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

I 1965 vart områda ved Frafjorden og fjellområda innafor overført til Gjesdal.

Jordbruket, og særleg husdyrbruk, er ein viktig næringsveg i kommunen. Det er óg ein del fiske. Industrien er særleg knytta til bergverk og produksjon av gummi-, plast- og mineralske produkt. Det er stor kraftproduksjon i kommunen.

Kommunens areal er identisk med Forsand sokn i Austre Sunnmøre prosti. Dette er einaste sokn i Forsand kyrkjelege fellesråd. Tidlegare var soknet ein del av Strand prestegjeld, som óg dekkja Strand kommune. Forsang ligg i Strand og Forsand lensmannsdistrikt i Rogaland politidistrikt, og er under Ryfylke tingrett.

Kjelder

Koordinater: 58.89933° N 6.0964° Ø