Forsand kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hei på deg! Denne siden heter Forsand kommune

Forsand
Lysefjorden sett frå Lysebotn i 2012. Foto: Siri Johannessen
Basisdata
Kommunenummer 1129
Fylke Rogaland
Kommunesenter Forsand
Opphørte 2020
Delt i 1965: Delar av kommunen overført til Gjesdal
No del av Stavanger kommune
Forsand, Lysefjorden fra Lysebotn IMG.JPG
Lysefjorden sett frå Lysebotn i 2012. Foto: Siri Johannessen

Forsand kommune var fram til 1. januar 2020 ein kommune i Rogaland. Ho grensa til Hjelmeland, Strand, Sandnes, Gjesdal, Bykle og Sirdal. Administrasjonssenteret låg i Forsand, den einaste tettstaden.

I 1965 vart områda ved Frafjorden og fjellområda innafor overført til Gjesdal.

Jordbruk, og særleg husdyrbruk, var ein viktig næringsveg i kommunen. Det var óg fiske. Industrien i området for den tidlegare kommunen er særleg knytta til bergverk og produksjon av gummi-, plast- og mineralske produkt. Det var også stor kraftproduksjon i kommunen.

Kommunen dekte eit areal identisk med Forsand sokn, det einaste soknet i Forsand kyrkjelege fellesråd. Tidlegare var soknet ein del av Strand prestegjeld, som óg dekka Strand kommune. Forsand låg i Strand og Forsand lensmannsdistrikt i Rogaland politidistrikt, og under Ryfylke tingrett.

I samband med kommunereforma 2014-2018 vart Forsand frå 1. januar 2020 slått saman med Sandnes, under namnet Sandnes kommune.

Kjelder

Koordinater: 58.89933° N 6.0964° Ø