Forside:Sør-Aurdal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
0540 Sor-Aurdal komm.png
Sør-Aurdal er ein kommune i Valdres i Innlandet fylke. Kommunen grensar til Nord-Aurdal, Etnedal, Nordre Land, Søndre Land, Ringerike, Flå, Nes og Gol. Administrasjonssenteret er Bagn.

Bagn er einaste tettstad i kommunen. Av bygder kan nemnast Reinli, Begnadalen, Hedalen og Leirskogen, som alle er kyrkjestader med eigne sokn. Ein finn óg mindre grender, som Liagrende. Språkleg går det eit skilje mellom den nordlege og den sørlege delen av kommunen. Sør-Aurdal er nøytral i valet mellom nynorsk og bokmål, og i 2010 var det registrert ein nynorskandel på 49,48 %. I nord, i sokna Bagn og Reinli, snakkar folk valdresmål. Det ligg nær nynorsk, som vert nytta i kyrkja og skulen . I Hedalen og Begnadalen sør i kommunen snakkar dei ei dialekt som ligg nærare ringeriksmålet, og ein nyttar der i hovudsak bokmål i skulen og kyrkja.

Sør-Aurdals kommunevåpen er gull relikvieskrin i blått. Relikvieskrinet er Hedalskrinet frå Hedalen stavkyrkje.

Frå mellomalderen tilhøyrde området Aurdal prestegjeld, som i 1805 vart delt i Sør-Aurdal og Nord-Aurdal prestegjeld. Desse vart i 1837 grunnlag for dei to Aurdalskommunane. Prestegjeldet hadde ved avviklinga i 2000-åra fem sokn: Bagn (som var hovudsokn), Reinli, Hedalen, Leirskogen og Begnadalen. Prestegjeldet låg, og dagens Sør-Aurdal kyrkjelege fellesråd ligg, i Valdres prosti i Hamar bispedøme. Bruflat sokn vart i 1894 skilt ut frå Sør-Aurdal, og vart ein del av Etnedal kommune.

Kommunen låg tidlegare i Valdres fogderi, og er nå under Valdres tingrett. Den er einaste kommune i Sør-Aurdal lensmannsdistrikt i Vestoppland politidistrikt.