Sør-Aurdal prestegjeld
Sør-Aurdal prestegjeld vart oppretta ved reskript av 29. november 1805 med verknad frå same dato. Aurdal prestegjeld vart då delt i Nord-Aurdal og Sør-Aurdal prestegjeld. Det svara til Sør-Aurdal kommune, og var del av Valdres prosti i Hamar bispedømme. Den første soknepresten, Hans Jacob Stabel, vart utnemnd i 1806.
Frå starten av bestod prestegjeldet av sokna Bagn, Reinli, Bruflat og Hedalen, med Bagn som hovudsokn og dei andre som annekssokn.
I 1895 vart Bruflat sokn slått saman med Nord-Etnedal sokn til Etnedal prestegjeld. Leirskogen sokn og Begnadalen sokn vart oppretta seinare.
I 2000-åra vart prestegjelda avvikla, og sokna ligg sidan under Sør-Aurdal kyrkjelege fellesråd.
Sokneprestar
Liste over sokneprester går fram til 1960-åra. Om nokon har oversyn over seinare prestar, så legg dei gjerne til.
- Hans Jacob Stabel (1769–1836), sokneprest frå 1806 til 1823, prost i Valdres og Toten frå 1816. Eidsvollsmann. frå 1823 stiftsprost i Kristiansand.
- Peter Christen Boye (1790–1880), sokneprest frå 1823 til 1830. frå 1830 sokneprest til Overhalla, seinare til Namdalen og Jevnaker.
- Lars Peter Petersen (1798–1862), sokneprest frå 1830 til 1836. Tidlegare sokneprest til Saltdalen, og frå 1836 til Bragernes.
- Ole Østvold (1796–1863), sokneprest frå 1836 til 1857. Tidlegare sokneprest til Bud, avskil i nåde 1857.
- Halvor Tobias Heyerdahl (1812–1888), sokneprest frå 1858 til 1867. Tidlegare sokneprest til Øystre Slidre, seinare til Ringsaker.
- Christian Sommerfeldt (1819–1903), sokneprest frå 1867 til 1875. Tidlegare sokneprest til Næsseby og Etne, seinare til [Trøgstad prestegjeld|Trøgstad]].
- Eiler Rosenvinge Kaurin, sokneprest frå 1874 til 1883. TIdligere sokneprest til Bud, seinare til Øvre Eiker.
- Georg Sandberg (1842–1891), sokneprest frå 1883 til sin død. Tidlegare prest i Finnmark.
- Thomas Fredrik Barth (1856–1931), sokneprest frå 1891 til 1922. Tidlegare kapellan i Sør-Aurdal. Avskil i nåde 1922.
- Johan Hveem (1879–1973), sokneprest frå 1923 til 1945. Tidlegare sokneprest til Sunndal. Avskil i nåde 1945.
- Arne Varden (1904–1966), sokneprest frå 1946 til 1961. Tidlegare hjelpeprest i Stavanger. Avskil i nåde 1961.
- Karl Reidar Nielsen (f. 1917), sokneprest frå 1961. Hjelpeprest i Sør-Aurdal frå 1946, kallskapellan frå 1952.
Eiler Rosenvinge Kaurin, sokneprest frå 1874 til 1883.
Kyrkjebøker
I dei første to åra vart kyrkjebøkene for Aurdal prestegjeld nytta. Frå 1807 er det eigne bøker for prestegjeldet, og frå 1849 eigne bøker for kvart sokn.
Kyrkjeboka for Bruflat sokn i tida 1849–1876 gjekk tapt våren 1945.
Bøkene er tilgjengelege på Digitalarkivet:
- Aurdal prestegjeld til 1807/1808.
- Sør-Aurdal prestegjeld frå 1807.
Litteratur og kjelder
- Prestegjeld og sokn i Oppland på Digitalarkivet.
- Hveem, Johan: Bagn kirkes historie : Ulekirken, kirkegården, kirkevangen. 1967. Digital versjon på Nettbiblioteket.