Forside:Tingvoll kommune

Sideversjon per 25. aug. 2008 kl. 22:03 av Cnyborg (samtale | bidrag) (kat)
1560 Tingvoll komm.png
Tingvoll kommune ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunesenteret Tingvoll har gjeve namn til Tingvollhalvøya, ei halvøy mellom Tingvollfjorden i vest, Halsafjorden og Trangfjorden i aust og Freifjorden i nordvest. Tingvoll kommune grensar til Sunndal kommune i søraust. Elles er han omgjeven av kommunane Aure i nord, Heim i nordaust, Surnadal i aust, Molde i sørvest, Gjemnes i vest og Kristiansund i nordvest. Tingvoll kommune vart mykje endra etter kommunerevisjonen i 1965. Etter denne revisjonen vart Tingvoll kommune mesta identisk med Tingvollhalvøya. Garden Tingvoll, sentralt plassert midt på halvøya, har gjeve namn til kommunen. Allereie i forhistorisk tid meiner mange at dette har vore ein sentral stad, ikkje berre for lokalsamfunnet, men for heile Nordmøre. Nordlegaste halvdelen av kommunen, Straumsnes, er prega av naboskapen til Kristiansund og Molde, medan den sørlege delen ligg nærmare industristaden Sunndalsøra. Riksveg 70 og E39 går gjennom kommunen, og det er i ferd med å utvikle seg eit nytt handelssenter på Aspøya der desse vegane møtest. Bergsøysundbrua knyter kommunen til Krifastsambandet.
Ingen artikler