Tingvoll
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tingvoll er ein tettstad og administrasjonssenter i Tingvoll kommune i Møre og Romsdal. Pr. 2020 bur det 945 personar i tettstaden. Lokalt vert staden ofte kalla Tingvollvågen, utan at det er sendt inn noko forslag om namneendring i stadnamnregisteret.
Tingvoll kyrkje vart reist omkring 1180. Tingvoll bygdemuseum held til i utkanten av tettstaden.
Stadnamnet viser til ein voll eller ei slette der tinget vart halde.
Kjelder
- Tingvoll - tettstedet i Store norske leksikon.
- Tingvoll i Store norske leksikon.
- Faktaark fra Kartverket finnes.
- Statistisk sentralbyrå: Tabell 1. Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 1. januar 2012
- Statistisk sentralbyrå: Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2020.