Fyresdal Bygdemuseum: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 32: Linje 32:
«Frå og med 1. januar 2003 vart drift og fagleg ansvar for Fyresdal Bygdemuseum lagt til stiftinga Vest-Telemark Museum. Det lokale museumsstyret har framleis eigarskap til bygningar og gjenstandar. Målsettinga med reforma er gjennom organisatoriske tiltak og økonomisk styrking å skape eit heilskapleg og betre museumsarbeid.»

Tanken var nok ideelt god, men for Fyresdal Bygdemuseum har denne konsolideringa vore ei katastrofe. I 2022 er alle verdfulle og interessante gjenstandar som var i utstillingsbygget teke opp til Vest-Telemark Museum i Eidsborg og magasinert der. Museet lokalt har eit utstillingsbygg som primært er bygd med veggar av leka og luftig himling. Etter kvart vart bygget av estetiske grunnar kledd utvendig med tømmermannspanel. Noko seinare vart det og kledd med plater innvendig, også  vindaugo dekka til, for å skjerme mot lys. Utstillingsroma vart heilt utan ventilasjon. Dei to største roma, som vart nytta, gjekk det bra med, men det minste som var nytta til lager og var fullt og lite opna, lukta etter kvart innestengt og fekk litt mugglukt. Dette siste vart nytta som påskot til brått å ta alle gjenstandar i utstillingsbygget opp til Eidsborg for å bli magasinert der. Dette vart gjort heilt utan vilje til fyrst å sjå på kva som kunne utbetrast lokalt. Interessante gjenstandar er i 2022  tilgjengelege for forskarar, men heilt tapt for Fyresdal og folket her. Det hjelper lite å kunne søkje digitalt når ein ikkje ein gong veit kva ein kan sjå etter!
Tanken var nok ideelt god, men for Fyresdal Bygdemuseum har denne konsolideringa vore ei katastrofe. I 2022 er alle verdfulle og interessante gjenstandar som var i utstillingsbygget teke opp til Vest-Telemark Museum i Eidsborg og magasinert der. Der er og all dokumentasjon. Museet lokalt har eit utstillingsbygg som primært er bygd med veggar av leka og luftig himling. Etter kvart vart bygget av estetiske grunnar kledd utvendig med tømmermannspanel. Noko seinare vart det og kledd med plater innvendig, også  vindaugo dekka til, for å skjerme mot lys. Utstillingsroma vart heilt utan ventilasjon. Dei to største roma, som vart nytta, gjekk det bra med, men det minste som var nytta til lager og var fullt og lite opna, lukta etter kvart innestengt og fekk litt mugglukt. Dette siste vart nytta som påskot til brått å ta alle gjenstandar i utstillingsbygget opp til Eidsborg for å bli magasinert der. Dette vart gjort heilt utan vilje til fyrst å sjå på kva som kunne utbetrast lokalt. Interessante gjenstandar er i 2022  tilgjengelege for forskarar, men heilt tapt for Fyresdal og folket her. Det hjelper lite å kunne søkje digitalt når ein ikkje ein gong veit kva ein kan sjå etter!

Av bygningane har nokre fått nye tak, men fleire held på å «rotne på rot», botnstokkar ligg i jord og held på å bli øydelagde. Det er ingen omvising, men eit par bygningar i Øyskogen har gitter i døropninga slik at ein, når nokre dørar vert opna i butikktida, kan sjå inn i roma. Øyskogen som Fyresdal kommune sin tusenårsstad vert særs godt halde som park. Det skjer i 2022 ikkje noko i det heile på museet, og det meste av lokalt engasjement i denne samanhengen er fråverande, særs mykje grunna det som er nemnt ovanfor.

Sideversjonen fra 10. sep. 2022 kl. 08:54

Fyresdal Bygdemuseum ligg i Øyskogen midt i sentrum av bygda og like ved Moland kyrkje. Dette er eit parkliknande område med mange svære furutre og ei rekke med gravhaugar, meir enn 20 i talet. I dette landskapet er det så etter kvart kome til ei gruppe med bygningar av ulik slag.

Allment

Museet vart skipa 9. mars 1909. Det var på eit årsmøte i Fyresdals Vel at ein gjorde framlegg om å sette ned ei nemnd som skulle ta opp arbeidet med å få til eit bygdemuseum. Til å byrje med hadde ein samlingane i lærarbustaden på gamle Gimle skule og noko seinare på stabburet på Moland prestegard. På garden Borgjæ Gnr.6 i Borggrend fekk ein så tilbod om to hus, eit stabbur og ei sers gamal årestove med grovt tømmer. På eit bilete teke av Bendik Taraldlien ser vi bygningane på opphavleg plass. Der var då eit tilbygg av nyare tømmer slik at ein ikkje ser sjølve bygningen på dette fotoet. Bygningane vart flytta til Øyskogen 1914/1915. Og etter kvart kom det fleire bygningar i dette tunet. Fyresdal Bygdemuseum er frå 2003 ein del av det konsolidera Vest-Telemark museum.

Øyskogen er og ein mykje bruka stemneplass, og det er Fyresdal kommune sin 1000-års stad. Presten Iver Andreas Teisner var og ordførar ein lengre periode. Han gjorde ein heilt utruleg innsats for kommunen i den tida. Som takk for dette fekk ein stor bauta sentralt i området.

Bygningsmasse høyrande til Fyresdal Bygdemuseum

  • Utstillingsbygg reist 1961 med ei mengde interessante og verdfulle gjenstandar, kvar med si soge og gjeve av stolte fyresdølar.
  • I museumsparken Øyskogen er det  11 ulike bygningar som gjev eit fullverdig bilete av eit gardstun i Fyresdal på 1800 talet. Der er og eit scenebygg oppført 1984.
  • Bakeriet, Fyresdal Handelslag sitt bakeri, overteke 1990. Der er bakeri med elektrisk omn som tilfredsstiller alle dagens krav til bruk. Husvære for bakar i andre høgda.
  • Innlandsbåten Teisner, tidlegare D/S Fyresdal, fekk museet som gåve 1990. Båten er bygd ved Akers Mekaniske Verkstad 1874 og sjøsatt i Fyresdal 1876. Båten er landsatt nær brygga, skroget er solid overbygd og ei rekke gjenstandar stilla ut i utstillingsbygget medan ein vonar på fullverdig restaurering av båten.
  • Her er og stamma til ei kjempefuru, Kalstovikfurua frå Kalståvik Heistykke Gnr. 65/5 ved vestre enden av Øysævatn. Stamma er på nær 7,5 m3. Furua vart freda 1917, fall etter kvart over ende og vart frakta til Øyskogen1972 der den ligg trygt med godt tak.

Epilog??

Om konsolideringa heiter det:

«Frå og med 1. januar 2003 vart drift og fagleg ansvar for Fyresdal Bygdemuseum lagt til stiftinga Vest-Telemark Museum. Det lokale museumsstyret har framleis eigarskap til bygningar og gjenstandar. Målsettinga med reforma er gjennom organisatoriske tiltak og økonomisk styrking å skape eit heilskapleg og betre museumsarbeid.»

Tanken var nok ideelt god, men for Fyresdal Bygdemuseum har denne konsolideringa vore ei katastrofe. I 2022 er alle verdfulle og interessante gjenstandar som var i utstillingsbygget teke opp til Vest-Telemark Museum i Eidsborg og magasinert der. Der er og all dokumentasjon. Museet lokalt har eit utstillingsbygg som primært er bygd med veggar av leka og luftig himling. Etter kvart vart bygget av estetiske grunnar kledd utvendig med tømmermannspanel. Noko seinare vart det og kledd med plater innvendig, også  vindaugo dekka til, for å skjerme mot lys. Utstillingsroma vart heilt utan ventilasjon. Dei to største roma, som vart nytta, gjekk det bra med, men det minste som var nytta til lager og var fullt og lite opna, lukta etter kvart innestengt og fekk litt mugglukt. Dette siste vart nytta som påskot til brått å ta alle gjenstandar i utstillingsbygget opp til Eidsborg for å bli magasinert der. Dette vart gjort heilt utan vilje til fyrst å sjå på kva som kunne utbetrast lokalt. Interessante gjenstandar er i 2022 tilgjengelege for forskarar, men heilt tapt for Fyresdal og folket her. Det hjelper lite å kunne søkje digitalt når ein ikkje ein gong veit kva ein kan sjå etter!

Av bygningane har nokre fått nye tak, men fleire held på å «rotne på rot», botnstokkar ligg i jord og held på å bli øydelagde. Det er ingen omvising, men eit par bygningar i Øyskogen har gitter i døropninga slik at ein, når nokre dørar vert opna i butikktida, kan sjå inn i roma. Øyskogen som Fyresdal kommune sin tusenårsstad vert særs godt halde som park. Det skjer i 2022 ikkje noko i det heile på museet, og det meste av lokalt engasjement i denne samanhengen er fråverande, særs mykje grunna det som er nemnt ovanfor.

Når ein gamal tråvar set seg i Øyskogen og lyttar, er det som heile anlegget held pusten og ventar på eit eller anna: Kva no, det var då ikkje dette som var meininga? Kva med alle dei glade og stolte gjevarane?

Galleri

Kjelder og litteratur

  • Veum, Lars: Fyresdal Bygdemuseum gjennom 100 år. Fyresdal Bygdemuseum 2009.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • Aune, Anne: Tre fotografar i Fyresdal 1900-1940. Brosjyre laga til ei utstilling ved Fyresdal bygdemuseum 2004. (Utstillinga var på Øystad.)

Eksterne lenker