Gangsjøvegen

Sideversjon per 6. jun. 2021 kl. 11:57 av Rool (samtale | bidrag)

Gangsjøvegen ved Ytre Stranda i Sauherad i Midt-Telemark kommune går sørvestover frå Myrlandvegen ved garden Myrland (gnr. 197/13) og ender ved vatnet Gangsjå.

Gangsjøvegen sett nordover ved garden Myrland.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen er drygt 1,6 km lang, går gjennom skogsterreng og har namn etter Gangsjå. Midt etter vatnet går kommunegrensa mot Nome. Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette denne og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel fra grunneigarar. Desse blei skilta i 2001-2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.


Koordinater: 59.35016° N 9.18444° Ø