Gangsjøvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gangsjøvegen sett nordover ved garden Myrland.
Foto: Roy Olsen (2018).

Gangsjøvegen ved Ytre Stranda i Sauherad i Midt-Telemark kommune går sørvestover frå Myrlandvegen ved garden Myrland (gnr. 197/13) og ender ved vatnet Gangsjå. Han er drygt 1,6 km lang og går gjennom skogsterreng.

Vegen har namn etter Gangsjå. Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette denne og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel fra grunneigarar. Desse blei skilta i 2001–2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016. Midt etter vatnet går kommunegrensa mot Nome.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.


Koordinater: 59.35016° N 9.18444° Ø