Georg Eliassen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
Linje 28: Linje 28:
Fil:Thurmansgate Tønsberg 2005.jpg|Motiv fra Thurmanns gate i Tønsberg. {{byline|Stig Rune Pedersen}}
Fil:Thurmansgate Tønsberg 2005.jpg|Motiv fra Thurmanns gate i Tønsberg. {{byline|Stig Rune Pedersen}}
Fil:Minnehallen Stavern Vestfold.jpg|[[Sjømennenes minnehall]] i Stavern. {{byline|Stig Rune Pedersen}}
Fil:Minnehallen Stavern Vestfold.jpg|[[Sjømennenes minnehall]] i Stavern. {{byline|Stig Rune Pedersen}}
Fil:Haugar Vestfold kunstmuseum Tønsberg (Sjømannsskolen).jpg|Haugar Vestfold kunstmuseum Tønsberg (tidl. Sjømannsskolen).{{byline|Stig Rune Pedersen}}
Fil:Jernbanetorget Oslo Amerikalinjens gamle hovedkontor.jpg|Amerikalinjens bygning ved Jernbanetorget i Oslo. {{byline|Stig Rune Pedersen}}
Fil:Jernbanetorget Oslo Amerikalinjens gamle hovedkontor.jpg|Amerikalinjens bygning ved Jernbanetorget i Oslo. {{byline|Stig Rune Pedersen}}
Fil:Professor Dahls gate 46B Oslo 2013.jpg|Frå 1920 budde Eliassen i [[Professor Dahls gate (Oslo)|Professor Dahls gate]] 46 i Oslo, i ein villa teikna av ham sjøl saman med Hesselberg Bjercke.{{byline|Stig Rune Pedersen}}
Fil:Professor Dahls gate 46B Oslo 2013.jpg|Frå 1920 budde Eliassen i [[Professor Dahls gate (Oslo)|Professor Dahls gate]] 46 i Oslo, i ein villa teikna av ham sjøl saman med Hesselberg Bjercke.{{byline|Stig Rune Pedersen}}

Sideversjonen fra 28. feb. 2015 kl. 01:28

Arkitekt Georg Eliassen.
Foto: Ukjent, frå Dancke (2000): Norske arkitekter før 1914.

Georg Eliassen (født 1. juli 1880 i Kristiania, død 24. desember 1964 i Oslo) var ein norsk arkitekt, som virka i Oslo i perioden 1914-ca 1960.

Eliassen var utdanna bygningsingeniør ved Kristiania Tekniske Skole i 1900, og tok eksamen ved arkitektavdelinga ved Kungliga Tekniska Högskolan i Stockholm 1905. Han var deretter tilsett hos Fredrik Falkenberg, Ture Stenberg og Ragnar Östberg i Stockholm.

I 1914 oppretta han firma Bjercke og Eliassen saman med Andreas Hesselberg Bjercke. Dette kontoret var mellom dei mest kjende i tida før 2. Verdskrigen og har tegna mange viktige bygg både i nyklassisistisk stil og i funksjonalistisk/modernistisk stil. Eliassen vart utnemnd til ledar av Krigsskadetrygdens Gjenreisingsnemnd i 1940, og var medlem av Brente steders regulerings råd fra 1945.

I Namsos tegna Bjercke og Eliassen ein firemannsbolig el. horisontaldelt tomannsbolig i tre i Havikvegen 4 i 1940. I 1946 tegna dei den nye folkeskolen og høgre skolen, no Namsos ungdomsskole. Bygget vart tatt i bruk i 1950. Dei same arkitektane tegna også skolefanen, tatt i bruk i 1953. Dei tegna også skolens vaktmesterbolig i Olav Duuns veg 1b. Bjercke og Eliassen har og tegna Havnegata 5a og Havnegata 12 (forretningsgård for gullsmed Harald Ofstad) i 1949 - 50. Det finst også tegningar til ein einebolig i Fredriksbergs gate 4, men dette prosjektet vart aldri bygd. Tomta var nemleg tidlegare tildelt ein annan, som oppførde hus etter tegningar av Arne Sørvig.

Mellom dei mest kjende arbeida til Bjercke og Eliassen utanom gjenreisingsbyane kan nemnast:

Dei tegna også utkast til markedshall og kino i Moss i 1936. Eliassen har tegna port og mur ved Romnes kjerke i 1931/32.

Frå 1920 budde Eliassen i Professor Dahls gate 46 i Oslo, i ein villa teikna av ham sjøl saman med Andreas Hesselberg Bjercke. I 1956 reiste sonen, Trond Eliassen, ein eigenteikna villa på same eigedom.

Georg Eliassen er gravlagd i familiegrav på Vestre gravlund i Oslo.


Galleri

Kilder og lenker


Senter for gjenreisningsarkitektur logo.jpg Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.