Andreas Hesselberg Bjercke
Andreas Hesselberg Bjercke (født 2. november 1883 i Kristiania, død 30. juli 1967 i Oslo) var ein arkitekt som virka i hovudstaden i perioden 1914-ca 1960.
Han var utdanna ved SHKS og Kgl. Tekniska Högskolan Stockholm i 1906 og vart tilsett hos Ragnar Östberg i Stockholm 1906-10 før han åpna privatpraksis i Kristiania i 1911, frå 1914 i kompaniskap med Georg Eliassen. Firmaet Bjercke og Eliassen var eit viktig arkitektkontor og har tegna mange viktige bygg under både nyklassisismen og funksjonalismen.
Bjercke (eller Bjercke og Eliassen) tegna den freda Elverum lærerskole i 1924 og den freda rektorboligen same stad i 1954-55. Nybygget frå 1962 er tegna av Eliassen og Lambertz-Nilssen Arkitekter, som er eit framhald av før nemnde firma.
I Namsos tegna Bjercke og Eliassen ein firemannsbolig i tre i Havikvegen 4 i 1940. I 1946 tegna dei den nye folkeskolen og høgre skolen, no Namsos ungdomsskole. Bygget vart tatt i bruk i 1950. Dei same arkitektane tegna også skolefanen, tatt i bruk i 1953. Dei tegna også skolens vaktmesterbolig i Olav Duuns veg 1b. Bjercke og Eliassen har og tegna Havnegata 5a og Havnegata 12 (forretningsgård for gullsmed Harald Ofstad) i 1949 - 50. Det finst også tegningar til ein einebolig i Fredriksbergs gate 4, men dette prosjektet vart aldri bygd. Tomta var nemleg tidlegare tildelt ein annan, som oppførde hus etter tegningar av Arne Sørvig.
Mellom dei mest kjende arbeida til Bjercke og Eliassen utanom gjenreisingsbyane kan nemnast:
- Oslo: Sjømannsskolen på Ekeberg, Oslo Lysverkers administrasjonsbygning, Den Norske Amerikalinjes bygning på Jernbanetorget i Oslo, Vestkantbadet, Rederforbundets bygning, Rådhusgata 25, Møllhausens forretningsgård i Karl Johans gate 17, Georg Eliassens villa, Professor Dahls gate 46.
- Tønsberg: Tønsberg sjømannsskole (no Haugar Vestfold Kunstmuseum), og boligområdet Thurmanns gate.
- Stavern: Sjømennenes minnehall.
Dei tegna også utkast til markedshall og kino i Moss i 1936.
Galleri
- Andreas Hesselberg Bjerckes gravminne på Vår Frelsers gravlund i Oslo.Foto: Stig Rune Pedersen
- Sjømennenes minnehall i Stavern.Foto: Stig Rune Pedersen
Kilder og lenker
- Liste over gjenreisningsarkitekter fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur
- Norsk kunstnerleksikon. 1983-86
- «Andreas Hesselberg Bjercke» hos Store Norske Leksikon.
- «Andreas Hesselberg Bjercke» hos bokmåls-Wikipedia.
- Trond M. E. Dancke: Norske arkitekter før 1914. Norsk arkitekturmuseum (2000).
Eksterne lenker
Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter. |