Gomalandet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gomalandet er ein av bydelane i Kristiansund. Det var opphavleg ei øy, men er no forbunde med Kirklandet med eit smalt eid laga av fyllmasse mellom Vågen og Dalabukta. Det er brusamband til øya Skorpa og til Nordlandet over Nordsundbrua. Høgste punkt på Gomalandet er Stortua på 65 moh.

Bland det ein finn på Gomalandet er Atlanten stadion og Atlanterhavsbadet. Staden er òg kjend for Goma fabrikker, som lagde mellom anna Goma barnesåpe. Lokalt er den kjend som Smørfabrikken eller Såpefabrikken. Av skuler kan nemnast Gomalandet barneskole, Atlanten ungdomsskole og Atlanten videregående skole.

Det er òg fleire kulturminne på Gomalandet. Milbrygga er ei klippfiskbrygge der Norsk klippfiskmuseum no held til. Likvorren er ein stad i Vågen der alle dei som skulle gravleggjast på Gomalandet kyrkjegard vart frakta med båt.

Idrettslaget Goma har sine heimekampar på Gomabanen under Nordsundbrua.

Litteratur

Koordinater: 63.124535° N 7.741558° Ø