Høydal notlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. feb. 2010 kl. 10:36 av Ida Tolgensbakk (samtale | bidrag) (Lager overskrift.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hoydal sett fra N

Høydal notlag var eit notlag i Høydalen i Volda. Kva tid laget vart skipa er det til denne tid ikkje råd å finna dokumentasjon på. I dei skrifter som er framkomne så langt er heile bygda med, så nær som dei to fremste gardane i bygda. Om også dei har vore med i tidlegare tider kan ein ikkje så burt ifrå. To av gardane i Berget, Nedsteberget, gnr. 83 bnr. 1 og 2, delte ein part. Laget hadde då 14 heile partar, og vart i bygda gjerne omtala som stornotalaget.

I fyrstinga må ein tru at notlaget var organisert som eit bolkenotlag. Det vil seie at kvar part eigde ein bolk, som er ein del av nota, og var ansvarleg for vedlikehald av denne. Som støtte til dette vert det fortalt om ein av eigarane at hans bolk vart bøtt med heimespunnen tråd. Desse gamle nøtene var bomullsnøter, men ein kan ikkje sjå burt ifrå at der kunne vera delar av hampetråd.

Nøtene var tunge å handtera så det kom nok vel med at det var 14 partar. Stornota var cirka 120 famner lang, djupta truleg rundt 12-15 famner. I tillegg til stornota var det minst to stengenøter, truleg med litt forskjellig størrelse.

På Vikeneset, innom Høydalsvikane, var nota stundom dregen på land, dette for å turke, men også for å reparere skadar. På Vikeneset var den tida mykje glatt fjell og det vende mot sør så nota turka vel godt i sola. Låg nota lenge halvvåt i båten vart ho varm, og då tok ho skade. For å unngå det kunne nota setjast i sjøen, eit såkalla våsekast, så ho vart nedkjøld, eller hengast til turk.

Etterkrigstida

Rett etter krigen (1945) var det godt sildefiske i fjordane her og optimismen var stor. Då vart det investert i både båtar, naust og nøter. Men i slutten av femtiåra spakna optimismen og litt om senn vart det slutt på noteventyret. På oppgjerdsskjema for notlaget frå 1951 er ikkje inste Høydalsneset (85/1) med lenger. Mange lister manglar, så årstal kan vera vanskeleg å seie sikkert. I rekneskapen for 1952 er fire partar i Høydalsvik betalt ut, og dei to halvpartane i Nedsteberget har vorte ein heil part på 83/2. I desember 1953 er yste Høydalsneset (85/2) betalt ut. Då er det att 8 partar og dei beheldt namnet, Høydal notlag.

Notbåten som var rett etter krigen var berekna for årar, to par. Eit av årepara var berekna for to mann på åra. Båten var alt då gamal, men kor gamal er ikkje lett å fastslå.

Bak bakarste åreromet på notbåten var ei kraftig tofte som notspelet stod på. Det var hengsla så ein la det ned framover for at det ikkje skulle vera til hinder når ein rodde. Som vanleg var det rull bak til bruk når nota vart sett. På kvar side var utsparingar for lagerbukkar der ein la suta opp i. I høveleg avstand innom lagringane sette ein i septera som styrde nota så ikkje notlinet vart rive på sutelagera. På suta var sveiv med tannhjulsutveksling for å sveive inn nota. Før, når nota vart rodd ut, kunne suta også brukast når dei sette for å lette for roarane. Men vanleg var vel ein mann på kvar side som kasta nota ut over rullen.

I den fyrste tida etter krigen vart Frost, M-14-VA brukt til å legge på sida av notbåten for å gå ut nota. Seinare vart gamlebåten til Anders Høydalsvik, M-55-VA Torleif, brukt på same måten. Truleg har ein av båtane på Bakkane også vore nytta til det same.

Ein «spelbåt» var med i utrustninga då det var landnot. Den var også utstyrt med notspel, derav namnet, sameleis som notbåten. Slik vart nota dradd inn frå båe endar. Dertil hadde mange med egne færingar så dei kunne ligge å «skimle» der nota ikkje hadde nått botnen.

Landlut var ein fast prosent av oppgjeret for fangsten som vart utbetalt grunneigar når fangsten var låssett til land, På slutten av året i 1947 var det betalt ut slik landlut til grunneigarar på Fyrde, i Geitvika og i Håvika. Dette var før laget hadde eigen motorbåt. Sleping av notbåten har då vore med andre båtar frå Høydalen. Sumaren i 1954 er der utbetalt ein sum til grunneigar på Furneset, det er også truleg landlut. Desse opplysningane er henta ut frå ei kassabok, men det gir nokre spor slik at det er råd å finna litt ut av aktiviteten til laget. Etter 1954 er ikkje meir dokumentasjon funne til denne tid. Det er heller ikkje funne bøker frå før 1946.

Opptimismen har truleg vore stor også i 1951-52, då laget byrja på tomt til nytt notanaust. Der skulle vera opptrekk for notgavl og der skulle vera henge for nøtene. Dette naustet vart ikkje ferdig medan det enno var brukbare inntekter i laget.

Den 25/9 1951 vart det kjøpt ein gavlbåt frå Årsheim notlag, i Selje kommune. Kjennemerke då var SF-113-S, motoren var 12 hk. Wikmann. Seinare gjekk krumtappen (veivakselen) på denne og ny motor vart kjøpt frå Olav Midthun, Haugesund. Motoren var Skud. 18 hk. Pris kr 2000,00. Båten vart registrert i Volda med kjennemerke M-9-VA. Men den har ikkje vore i det offisielle registeret, truleg fordi at seljar ikkje har rapportert båten som seld.

Fangstinntekter for 1954 viser på ei «innberetning» til riksskattestyret frå Feitsildfiskernes Salslag, Trondheim, at det er utbetalt kr 8346,39. Det kan sjå ut som det er eit av dei gode åra.

Bilde frå Høydal notlag

Kilde

  • Kassabok for Høydal notlag
  • Busetnadssoga for Volda band 3