Hanna Th. Flittie: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
(kategoriretting) |
||
Linje 14: | Linje 14: | ||
{{DEFAULTSORT:Flittie, Hanna}} | {{DEFAULTSORT:Flittie, Hanna}} | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Personer fra Lesja kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1863]] | [[Kategori:Fødsler i 1863]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1932]] | [[Kategori:Dødsfall i 1932]] | ||
{{F1}} | {{F1}} |
Sideversjonen fra 27. feb. 2011 kl. 08:46
Hanna Th. Flittie fødd 7. desember 1863 på Flitti i Lesja av foreldra Thrond T. Flittie (1815–1881) og Anne Olsdtr. f. Hauje (1823–1913), død 12. februar 1932 [1] vart innvald som fyrste kvinnelege medlem i Lesja heradsstyre i 1904.
Hanna gjekk lærarskule i Klæbu, men kom ikkje til å arbeide i skulen. Ho starta i staden med handelsverksemd, og bygde seg butikklokale ved riksvegen ovafor heimgarden, Flittibue. Attåt butikken hadde ho ein liten jordveg og eit par kyr, som ho fødde dels med høy ho tok i mot i byte med handelsvarer. Ei rekneskapsbok etter ho syner òg at ho dreiv med fehandel.
Hanna kjøpte seg tidleg sykkel, og reiste mykje mellom anna på ungdomslagsstemne. Ho var den fyrste i grenda som nytta landsmålet og det reine norske flagget. I 1902 vart ho første varamedlem i kommunestyret og i 1904 vart ho fast representant, rett nok berre for ei periode.
Referanse
Litteratur
- Kjelland, Arnfinn 1992: Bygdebok for Lesja bd. 1. Gards- og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn s. 336
- Nørstegård, Ove 2006: Hanna Flittie, ei kvinne føre si tid. Årsskrift for Lesja historielag s. 96-99.
- Tordhol, Kristian 1955: Menneskje eg minnest. Hanna Th. Flittie. Årbok for Gudbrandsdalen s. 72-74.