Hilmar Meincke Krohg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. mar. 2014 kl. 19:46 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Hilmar Meincke Krohg''' (fødd i Trondheim 1. januar 1776, død i Bolsøy, nå Molde kommune 13. august 1851) var jurist, amtmann i Finnmark og Romsdal...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hilmar Meincke Krohg (fødd i Trondheim 1. januar 1776, død i Bolsøy, nå Molde kommune 13. august 1851) var jurist, amtmann i Finnmark og Romsdal, stiftamtmann i Trondheim, eidsvollsmann og stortingsrepresentant.

Bakgrunn og familie

Han kom frå ein prominent og velståande offisers- og borgarfamilie. Foreldra var oberst Nicolai Frederik Krohg (1732-1801) og Anna Meincke (1743- 1823). Som faren var også broren, farbroren og farfaren alle offiserar. «Dynastiet» var grunnlagt av farfaren, Christian Nilsen von Krohg (1693-1752), ein bondegut som vart offiser. Mor til Hilmar kom frå det «flensburgske» storborgarskapet i Trondheim. Far hennar var kjøpmann og verkseigar Hilmar Helmer Meincke.