Hilmar Meincke Krohg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hilmar M. Krohg. Etter ein pastell, truleg av J.Juel.

Hilmar Meincke Krohg (fødd i Trondheim 1. januar 1776, død i Bolsøy, nå Molde kommune 13. august 1851) var jurist, amtmann i Finnmarkens amt, Nordre Bergenhus amt og Romsdals amt, stiftamtmann i Trondheim, eidsvollsmann og stortingsrepresentant.

Bakgrunn og familie

Han kom frå ein prominent og velståande offisers- og borgarfamilie. Foreldra var oberst Nicolai Frederik Krohg (1732–1801) og Anna Meincke (1743–1823). Som faren var også tre av Hilmars brør, tre av farbrørne og farfaren alle offiserar. Derimot vart ingen av Hilmar Meincke Krohgs eigne fire søner offiser. «Offisersdynastiet» Krohg var grunnlagt av farfaren, Christian Nilsen Krohg (1693-1752), ein bondegut som vart offiser. Mor til Hilmar kom frå det «flensburgske» storborgarskapet i Trondheim. Far hennar var kjøpmann og verkseigar Hilmar Helmer Meincke.

Hilmar hadde ni sysken:

  • Katrine Sara Marie (1769-1772)
  • Christian (1771-1801), kaptein og konstituert gerelavegmeister. Ugift.
  • (Hilmar Meincke)
  • Broder Lysholm (1777-1861), rittmeister og vegmeister.
  • Marta Marie (1778-1801). Gift med kjøpmann i Flensburg Johan Rodeberg.
  • Stine Meincke (1781-1841), gift med fetteren professor og statsråd Christian Krohg.
  • Theodor Christian (1783-1799).
  • Johan Bernt (1786-1855). Generaladjutant og kommandant i Christiania.
  • Anna Nicoline (1788-1841), gift med enkjemann etter systera Johan Rodebrg.

Hilmar Meincke Krohg voks opp på Munkvoll i Strinda, nær Trondheim by. Faren var i 1768 blitt generalvegmeister i Trondheim og Bergen stift, og seks år seinare også overdirektør ved Røros koparverk.

Hilmar Neincke Krohg gifta seg 31. mars 1803 med Cecilia Edel Sophie Stub (fødd på Hitra 19. januar 1786, død i Bolsøy 25. august 1864). Ho var dotter til prost Otto Stub og Anne Ingeborg Hald. Dei fekk desse borna:

  • Anna Ingeborg (fødd 1804) gift med hospitalforstandar og lærar ved Molde Middelskole Peder Nicolai Møller.
  • Nicolai Fredrik (1806-1840), kopist i Revisjonsdepartementet. Ugift.
  • Christiane Marie (fødd 1808) gift med byråsjef og amtmann Ole Edvard Buck.
  • Otto Theodor (fødd 1811), sokneprest i Vestnes mm.
  • Hilmar (fødd 1813, død som spebarn)
  • Stine (1814-1834), ugift.
  • Henriette Louise (1817-1868) gift med konsul Jacob Jerwell i Molde.
  • Georg (fødd 1820) gardbrukar på Lønset i Bolsøy, gift med Mathilde Lied.

Utdanning og karriere

Hilmar gjekk katedralskulen i Trondheim og vart student derifrå i 1794. Han studerte juss i København og tok embetseksamen i 1799. Frå 1799 til 1802 var han fyrst volontør så underkansellist i Danske kanselli, og privatsekretær for kansellipresidenten Frederik Moltke.

Etter farens død drog Hilmar Krohg heim og dreiv som gardbrukar på familieeigedomane Munkvoll og Kystad. Interessa for jordbruk hadde han heile livet.

I 1807 vart han utnemnd til amtmann i Finnmark, der han var i nær fem år. Sommaren 1811 vart han utnemnd til same embete i Nordre Bergenhus, men før han rakk å byrje der fekk han amtmannsembetet i Romsdals amt. Der hadde han lengste embetstenesta si, heilt til han trekte seg attende i 1840. Ei kortare periode frå 1812 til januar 1814 var han stiftamtmann i Trondheim, konstituert for stiftamtmann grev Trampe.

Molde og Bolsøy

Krohg flytta til Molde i 1811, og allereie året etter kjøpte han eigedomen Nøisomhed av forgjengaren sin i embetet. Trass namnet var Nøisomhed ein staseleg villaeigedom bygd i 1797. Det var ein av fleire liknande herskapsvillaer på Fannestranda i Bolsøy, rett utanfor Molde by. Der vart Krohg buande livet ut.

Noko av det fyrste han gjorde som amtmann, var å opprette kornmagasin fleire stader. Han blir også gjeve mykje av æra for at den fyrste amtslandbruksskulen i landet vart sett i gang i 1844.

Embetet hans var heile amtet, men Krohg engasjerte seg også direkte i Moldes ve og vel. Mellom anna han var drivande kraft i å få oppretta ein mellomskule i byen, dvs. den lågare delen av den lærde skole (latinskulen). Skulen kom i gang i mai 1832.

Eidsvollsmann

Krohg vart vald inn som 1. representant for Romsdals amt til riksforsamlinga. Koht omtalar han som «stiv selvstendighetsmann». Han var visepresident i forsamlinga i veka 9.-16. mai. Viktigaste innsatsen sin der gjorde han som formann i finanskomiteen, og dermed ein av dei hovudansvarlege for den kontroversielle eidsvollsgarantien som vart vedteken etter hard debatt den 13. mai.

Stortingsrepresentant

På omframstortinget hausten 1814 var Krohg også Romsdals amts 1. representant. Han var president i Lagtinget. Han vart vald også i 1818, men måtte melde sjukdomsforfall.

På nytt vart han stortingsmann i 1824 og 1830, og var på båe desse stortinga formann i komiteen for «Finmarkens opkomst». I store delar av året 1826 var han på reise i Finnmark som formann i den kongelege kommisjonen som vart nedsett for nettopp å fremje utviklinga i Finnmarks. Han vart også vald i 1832.

Han arbeidde også for å skaffe ladestaden Ålesund kjøpstadsstatus, noko som rett nok ikkje lykkast før i 1848.

Utmerkingar

Krohg vart ridder av Dannebrogen i 1810 og av Nordstjerneordenen i 1818. Han vart kommandør av Vasaordenen i 1832, og fekk storkorset i 1843.

Kjelder og litteratur

  • Koht, Halvdan: Artikkel om Krohg i Norsk biografisk leksikon (1938).
  • Koht, H. og Scnitler, C.W.: Eidsvold 1814, Kristiania 1914.
  • Krohg, Otto Theodor: Den Krohgske Familjes Stamtavle. Trondheim 1875.
  • Olafsen-Holm, Jørgen: Bolsøyboka. Annen del. Oversikt over Bolsøy herreds gårder og deres historie. Bolsøy boknemnd 1948.)
  • de Seve, Niels: Molde bys historie: I. Før året 1838. Ladested og kjøpstad. Molde kommune, 1962.
  • Strinda bygdebok. Utg. av Strinda bygdebokkomite, 1939.
  • Weidling, Tor: Eneveldets menn i Norge: Sivile sentralorganer og embetsmenn 1660–1814. Riksarkivaren. Oslo. 2000. Digital versjonNettbiblioteket, s. 222.
  • Wennemo, Arnfinn og Ottesen, Odd: Gårds- og slektshistorie for Høland og Setskog. Bd. 5. Aurskog-Høland kommune, 2007.

Eksterne lenkjer