Hjalmar Rued Holand

Sideversjon per 13. aug. 2019 kl. 15:03 av Vidariv (samtale | bidrag) (→‎Kjelder og litteratur)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Hjalmar Rued Holand (1872-1963) var ein norskamerikansk historikar, fødd i Aurskog-Høland og utdanna ved University of Wisconsin (1899). Han gav m.a. ut De norske settlementers historie (1908), Den sidste folkevandring. Sagastubber fra nybyggerlivet i Amerika (1930) og sjølvbiografien My First Eighty Years (1957), men er mest kjend som ein ivrig talsmann for Kensingtonsteinen, som i følgje hans teori vart rissa av ein flokk på åtte gøtar og tjue to nordmenn på oppdagingsferd i det noverande Minnesota, under leiing av Pål Knutsson frå Onarheim. Han gav såleis ut bøkene The Kensington Stone (1932), Westward from Vinland (1940), Explorations in America before Columbus (1956) og A Pre-Columbian Crusade to America (1962), som alle vekte stor interesse og fekk mange tilhengjarar, men som i dag vert sett på som nokså tvilsamme. Ikkje desto mindre er bøkene framleis mykje lese.

Kjelder og litteratur