Hotellvegen (Tokke)

Sideversjon per 10. sep. 2020 kl. 00:22 av Rool (samtale | bidrag) (Oppretter side.)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Hotellvegen i Dalen i Tokke kommune går austover frå Storvegen i krysset med Nestestogvegen. Ved Dalen hotell gjer vegen ein krapp sving nordover og ender igjen i Storvegen.

Hotellvegen sett austover med Dalen hotell i enden.
Foto: Roy Olsen (2020).

Vegen er 506 m lang og har namn etter Dalen hotell.

Dalen hotell vart teikna av arkitekt Haldor Larsen Børve og opna i 1894. Det er bygd i nasjonalromantisk stil, nærast dragestil, med tårnoppbygg, spir og utspring. Med sine 4500 m² er hotellet ein av dei største trebygningane i Noreg, og det siste som er att av dei store trehotella frå slutten av 1800-talet.

Dalen hotell, fasade mot vest med inngangsparti.
Foto: Roy Olsen (2020).
Dalen hotell, fasade mot øst sett frå parken.
Foto: Roy Olsen (2020).


Kilder


Koordinater: 59.44502° N 8.00481° Ø