Hovden (Bykle)

Sideversjon per 28. jan. 2016 kl. 10:05 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Hovden er ein tettstad og ei bygd i Bykle kommune i Setesdal. Staden ligg om lag 24 km nord for Bykle, nord for Hartevatn. Stadnamnet kjem frå Hovdengardane.

Det "urbane" Hovden fotografert frå lufta 24.3.2004. Frå kommunearkivet.
Foto: Sissel Bakke

Hovden er eit senter for vintersport, med Hovden skisenter og fleire overnattingstilbod. Ein må vere førebudd på kulde, for Hovden har kulderekorden i Aust-Agder med 38,0 minusgrader målt den 8. januar 1982.

Jernvinnemuseet på Hovden er ein del av Setesdalsmuseet, og er bygd opp omkring ei gammal blestertuft, der ein smelta malmen for å få ut slagg av jernet.

Kjelder

Koordinater: 59.5603° N 7.35677° Ø