Ingeborg Kristine Sæthre (1873–1944)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. sep. 2017 kl. 09:01 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Ingeborg Kristine Sæthre Våre falne.JPG|Ingeborg Kristine Sæthre, frå ''Våre falne''.}} '''Ingeborg Kristine Sæthre (1873–1944)''' (fødd 3. september 1873 i...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingeborg Kristine Sæthre, frå Våre falne.

Ingeborg Kristine Sæthre (fødd 3. september 1873 i Hosanger, død 1. mai 1944 i Bergen) var husmor i Bergen, og eitt av ofra for eksplosjonen på Vågen.

Ho var dotter av sjømann Christian Simondsen (1832–1920) og Anna Simondsen f. Jakobsen (1839–1922).

I 1895 vart ho gift i Bergen med snekker Ingvald Johan Sæthre (f. 1871), og dei fekk to born: Egil (f. 1896) og Anny (f. 1901).

Den 20. april 1944 ekploderte eit farty lasta med sprengstoff i Vågen i Bergen. Heimen til Ingeborg Kristine og Ingvald Johan Sæthre raste saman, og ho vart hardt såra. Ho døydde av skadane den 1. mai 1944, og vart gravlagd i Bergen.

Litteratur og kjelder