Ingeborg Møller

Ingeborg Møller (fødd 29 des 1878 i Oslo (Kristiania) død i Oslo 18 feb 1964) var forfattar, lærar, samfunns- og kulturdebattant. I tidsrommet frå 1904 til ca. 1920 brukte ho ektemannens etternamn Lindholm. Møller var ein av grunnleggjarane av den antroposofiske rørsla i Noreg på det tidlege 1900-talet. Ho var også sterkt oppteken av norskdomsrørsla, og arbeidde mellom anna saman med lyrikaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad ved Dovre folkehøgskule.

Bakgrunn og familie

Døypenamnet hennar var Ingeborg Kataharina Elisabet Storm Møller. Ho var einaste [?] barn av infanterikaptein Thorvald Fredrik Owen Møller (1821-1879) og Nathalie Munch (1836-1904).[1] Thorvald Møller var nesteldste son på storgarden Tose (Thorsø herregård) i nåverande Fredrikstad kommune. Der var Ingeborg også delvis oppvaksen. Milada Blekastad skriv slik om dette i ein karakteristikk av Ingeborg Lindholm: «Ho var født Møller, barnebarnet til P.A.Munch og vokse opp i det kultiverte miljø på Thorsø herregard. Alt kva den gamle norske embetsmannskulturen kunne gje henne, hadde ho i blodet.»[2]

Referansar

  1. Slektsoversyn på internettet
  2. Blekastad, M. 1983 side 115.

[[Kategori:]]