Innerberg: Forskjell mellom sideversjoner
({{nn}}) |
|||
Linje 30: | Linje 30: | ||
[[kategori:Tustna]] | [[kategori:Tustna]] | ||
{{f1}} | {{f1}} | ||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 27. jan. 2016 kl. 10:35
Innerberg | |
---|---|
Fylke: | Møre og Romsdal |
Kommune: | Aure |
Gnr.: | 227 |
Postnummer: | 6590 |
Innerberg, òg skrive Inderberg og Berg som slektsnamn, er ein matrikkelgard på Stabblandet i Aure kommune på Nordmøre. Garden grensar til Sålåsundet i vest og til fjellet Innerbergsalen i aust. Mot nord grensar garden mot matrikkelgarden Stabben; og mot søraust grensar han mot Fjelnesdalen. Innerberg har to hovudbruk: Innergarden og Yttergarden. I tillegg var Halsen (offisielt namn Åsnes) husmannsplass, og frå 1892 sjølveigande bruk; og Yttervik vart utskilt som sjølveigande bruk i 1911. I matrikkelutkastet frå 1723 er det nemnt at Innerberg hadde eiga seter. Denne setra er borte, og fram mot slutten av 1800-talet leigde dei seter frå Fjelnesdalen. Innerberg høyrde med til Hals skulekrets fram til han vart nedlagt sommaren 1972 og postkontoret var 6591 Indresæter fram til det vart nedlagt i 1973. I 1975 vart det bygd veg mot Soleim, og Innerberg vart flytta over til Nordheim skulekrets og 6594 Nordheim.